onsdag 15. august 2007

Livet som det er i dag

Så er denne sommaren over. Det har ikkje vore det heilt fine veret, men det er slikt ein må leve med.
Ole og eg er komne i gang med arbeid og Henrik begynner i 10.kl. på Vassenden måndag 20.aug.
På fredag reiser vi med Marius til Bergen der han skal ta til på Norges kreative fagskule. Der skal han fordjupe seg i illustrasjonsfaget og er glad for at han fekke begynne der. Han skal bu i eit bufelleskap i lag med 6 andre studenter og der ser det ut som han kan få det trivelig.

I dag er det den 15. august. For 20 år sidan gifte eg og Ole oss og vi sa ja begge to. Det er utrulig kor fort tida går. Det har rennt mykje vatn i Jølstra etter den dagen og vi har hatt eit innhaldsrikt liv på mange måter. Best av alt er gutane som ser ut til å klare seg godt i livet framover.

1 kommentar:

Anonym sa...

Gratulerar så masse med brudlaupsdagjen! :oD