onsdag 19. juni 2013

Turen til Øyskaret som vart litt lenger

Etter å ha gått i ei veke med dårleg form som ga seg utslag i halsvondt og etter kvart tette luftveger både i hovud og bringe, kjende eg meg nokolunde klar til å bli med tysdagsturgruppa på tur igjen.
Denne gongen skulle turen gå til Øyskaret der vi gjekk frå Årdalen og opp. Etter kvart skjøna eg at dette blei litt annleis enn forventa og det stemte. Vi vart nemleg inviterte på kaffe på Fjellstøylen som høyrer til m.a. Hegrenesgardane på Ålhus. Eg er ikkje heilt sikker på dette, men det skal eg finne ut etter kvart når eg får rette litteraturen i hende. Det er nemlig skreve eit par bøker om støylane på Jølster. Skal berre hente dei hos opphavet først. Etter kaffe, kaker, lått og løje gjekk turen ned mot Ålhus der dei som hadde bilar staånde att i Årdalen fekk skyss til å hente dei.
Her kjem det nokre bileter i kronologisk rekkefylgje frå den vidunderlige turen.















Ingen kommentarer: