fredag 20. januar 2017

Bursdag


💖 Mamma 💖

fyller 83 år i dag. Flott dame med omsorg for alle rundt seg.
Vi veit ikkje kor mange kilo garn som er gått med til strikketøy som er sende til barneheimar på Murmansk og Kirkens Bymisjon.
Engasjementet for husfliden i Svelgen har vore stor fram til no og eg gjetter på at ho bidreg litt i det små endå.
Vi er veldig glad i deg, mamma.

💖Gratulerer med dagen 💖


lørdag 31. desember 2016

Nytt år


🎇🌟🎇🌟🎇

Så er den her, siste dagen i 2016. Dagen då ein gjerne set seg ned og reflekterer litt over året som har har vore. Det har vore eit greitt år. Mange flotte opplevingar og hendingar eg kunne vore foruten. 
I mai vart den raude fine bilen min påkøyrd ned i krysset her og vart kondemnert. Sjølv fekk eg ein sidesleng i nakken som har vore litt til plage av og til, men det kunne vore verre når ein tenkjer på det. Men, det hender at eg vert litt sint for at eg vart påført dette av tankeløysa til eit anna menneske. Det har også gjort meg litt meir skjerpa i trafikken for tanken på at eg kan skade andre skremmer meg. Eg fekk meg splitt ny bil etterkvart og den trivast eg godt med.




I mai melde eg meg på kurset "Vegen til golf" og fann ut at dette er ein fin aktivitet for meg når eg ikkje kjem meg på bratte fjellturar. I lag med andre glade golfdamer har eg invadert utslag og greenar med liv og lyst. Vi er ein gjeng som kalllar oss "Gladgolfdamer" som spelar i lag og utfordrar kvarandre på reglar og etikette. Vi lærer kvarandre opp i spelet. Av og til synst eg det er godt å gå aleine rundt å surre på bana. Det gjev meg ro i sjela. Men, mest moro er det å gå i lag med Ole som tålmodig lærer meg triks og knep og får meg til å ta nye utfordringar.




Musikkopplevingar har det også vore. 
Det store høgdepunktet var nok Iggy Pop på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Der var fleire gode opplevingar der, men at eg fekk røre så vidt bort i fingeren til dette ikonet av ein artist var toppen.


Iggy Pop


Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde leverte varene i Førdehuset.


Eva & the Heartmaker på Jølstraholmen i sommar.



Silya & the Sailors på Førde Opp, Scandic Sunnfjord Hotell 
Sjølvsagt var eg der. Mitt yndlings fyrverkeri.
Ho leverer som alltid!



Comet Kid var også på Førde Opp.
Karar som veit å underhalde dette også.


Good Time Charlie på "Jazz på Jølst"
Var så heldig at eg fekk vere med på barnejazzen på laurdagen der. Flott oppleving dette også.



Så fekk eg oppleve Tore Renberg både litterært og musikalsk på "Jølstramuseet" i haust.
Sterkt møte som eg tek med meg vidare i livet. 
Den siste boka hans "Du er så lys" må berre lesast.



Det har vore så mange gode opplevingar dette året at eg får ikkje med meg alt. Det er flott med mobiltelefon og fotoapparat slik at ein får dokumentert alt det fine.



Risevatnet, Svelgen, med godt selskap.


På Gloppen camping med Krondiamantbrudlaupsparet.









Ein fin ferie der vi endeleg var på Røros og ein snartur til Trondheim.















Eg har ikkje noko nyårsforsett som skal brytast. Vil berre halde fram med det eg driver med og skal vere flinkare til å trene for å komme meg i siget til golfsesongen startar. Uthaldenheit og styrke er viktig for å halde smertene unna eller i alle fall lindre litt.


Vil med dette ynskje alle eit hentande flott 
2017
🎇🌟🎇🌟🎇

fredag 30. desember 2016

Romjulstankar


💗💗💗

Sjølve julehelga er over og det har vore ei roleg og fin romjul. 1.juledag var vi fire som vanleg i Svelgen hos foreldra mine og kosa oss med julemiddagsrester og god stemning. Det stod bra til med opphavet. Heldige oss som har fått vore i lag alle denne jula også. Kan ikkje utrykke sterkt nok den gleda eg kjenner når eg er i lag med dei næraste og kjæraste eg har. 
Som skreve har det vore ei roleg jul og romjul. Det var meldt skikkeleg styggevær, men det nådde heldigvis ikkje oss her. Var skikkelig førebudd denne gongen med ved, stearinlys og vatn i bøtter og spann om straumen skulle fare. 
Huset er framleis julepynta og det skal det vere eit par veker endå. Så lenge det er det mørke og grå som dominerer ute skal det skinne i lys og gilde fargar i stova. Nyttar desse dagane til å lese og sjå litt film. Strikketøyet kan vente for eg har ikkje noko bestemt prosjekt føre meg endå. Hatt ferie frå trening også for å verkeleg kjenne på at ein ikkje har noko som skal skje fleire dagar i strekk. Trur ikkje det er livsfarleg å ta det heilt med ro når ein veit at det kjem dagar med aktivitet og mosjon etter dette.
Eg må innrømme at eg er ekspert på å stenge elendige nyhender ut av sinn og la verda skure å gå utan at eg engasjerer meg så mykje. Om eg lar all elendet gå inn over meg kan eg berre grave meg ned. Kan ikkje gjere så mykje med det. Gjer mitt beste ut av mitt eige liv og dagane som ligg framføre meg. Er menneska rundt meg fornøgde er eg også det. 
Musikkvideoen i dag er med Wham!, der nyss avlidne George Michael var medlem. Heltane frå min ungdom forsvinner ein etter ein, men det er så mykje bra musikk etter dei at eg kan fylle livet mitt med det.
Eg skal få mest mogleg kos og kvile ut av dei siste dagane av dette året.

💗💗💗


💗💗💗

lørdag 24. desember 2016

God Jul


💗💗💗

Treet er pynta og alt er klart til gutane kjem til middag i kveld. 
Vonar at det vert ei fin og fredeleg jul for alle sjølv om været ikkje er heilt samarbeidsvillig.
Pinnekjøttet ligg i vatn og Ole gjer klar ribba si. Askepott og Reisen til julestjernen på nrk gjer til at julestemninga vert komplett. 
Ha ei retteleg God Jul.

💗💗💗


💗💗💗

fredag 23. desember 2016

Vesle julafta


💗💗💗

I mangel på julestemning ute tek eg fram eit frostbilete frå november. Det er teke på golfbana på ein av mange fine turar i haust.
Eg er no klar for julefeiring etter at eg seinare i dag har fått på dukar og juletre.
Om ikkje julestemninga kjem av seg sjølv så lagar eg det slik at det vert det. 
På slike dagar som i dag tenkjer eg mykje på dei som saknar nokon som ikkje er der lenger. Veit at eg er heldig i år også og går inn i høgtida i lag med mine kjære. De skal vete at eg set pris på det og kjenner meg velsigna. Skal ta vare på stundene å gøyme dei i hjartet.

💗💗💗


💗💗💗

torsdag 22. desember 2016

Pittelille julaft


💗💗💗

Pittelille julafta er her og vi er ferdige med solsnu.
Set her og går gjennom dei siste planane og ser at alt som no er gjort er det som blir gjort. 
Alt ligg vel tilrette for ei fin julehelg i lag med familien og betre kan det ikkje vere.
Juletreet er komme på tunet, levert av ein snill nabo. Er heldig som har hatt fri leveranse av det.
Då er det vask av golv, stryking av eit par dukar og heilt enkle ting som står igjen.
Skal berre ein tur til fysioterapeuten no så er det berre å køyre på.

Musikken i dag er den nydelige songen "Det lyser i stille grender" av Jakob Sande frå fylket her sunge av ein annan fylking, Olav Stedje.

💗💗💗


💗💗💗



onsdag 21. desember 2016

Solsnu


💗💗💗

I dag kl.11.44 "snur" sola og vi går mot lysare dagar etter dette.
Draumen om fine sommarkveldar i hengekøya står ved lag. 
Men, først er det jule - og nyårsfeiring som står for dør og så er det berre å vente.

💗💗💗


💗💗💗