Viser innlegg med etiketten Juni14. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juni14. Vis alle innlegg

tirsdag 1. juli 2014

Troda 954 m.o.h. Davik.


Laurdag 28. juni var eg definitivt klar for tur med søster, bror og svoger. Beskjeden var klar: Vi går på Troda den slakaste vegen i ei bedageleg tempo. Sjølvsagt freista det. har lenge hatt lyst å komme på denne toppen for eg har høyrt at det skal vere ei fabelaktig utsikt der. Og det er heilt sant.
Steinar, min svoger, er oppvaksen på Davik og var difor ein flott kjentmann og losa oss trygt fram i ukjent terreng. Micraen vart parkert der vi skulle avslutte turen før vi køyrde alle fire i ein bil så langt vi kom opp til Hausledalen. Vidare gjekk vi til Stabrekka der vi hadde første pause og så gjekk vi vidare til Fessene og Spreklutegga også kjent som Langegga.Vidare gjekk vi innover att til vi kom til Troda og målet for turen. Nedatt gjekk turen via Kleberga som var ei oppleving for seg sjølv til vi kom ned til nokre støyler og fin sti ned til skogsvegen og bilen som venta eit stykke der. Vi var vekke i 9 timar, men effektiv gange var vel mellom 6 og 7 timar. Vi gav oss god tid og kosa oss med mat, drikke, lått og løgje. Slike rolege turar i fjellet gjev gode opplevingar og sjelefred. Å oppleve slikt i lag med mennesker ein set stor pris på er også noko som gjev ein minner for livet. Vi skal gjere meir slikt.

(Klikk på første biletet så får de sjå dei i større utgåver)





Hausledalen mot Fessene.


Hausledalen, Nakkane og Endalsvatnet. 
Ser også i Nordfjorden.


Fessene.




Steinar i himmelsjå.
Han venta tålmodig på somletoget som labba seg opp etter han.

Jadda, vi kom bort i snø, men det var berre eit par fenner.

Her er vi på Spreklutegga med utsyn over Frøysjøen og Hornelen m.a.



Ein god kvilestol midt på fjellet er ikkje verst.

Utedassen er bra forseggjort også.


Hytte med liten hage og til og med vaskeservant.

Rune og Anne-Marit venter på middagen. 
Det vart Pasta Bolognese, sjølvsagt.







To søstre som er stolte og glade for å komme på Troda.

Her er ein fornøgd gjeng som ler til "Skybert".

Det var god tid til prat og biteti.

Her såg vi like til Vestkapp, Stadtlandet.






Dei underlege Kleberga som mest av alt såg ut som eit månelandskap.

Ja, nokon er tøffare enn andre og det er heilt i orden.
Takk for ein vedunderleg tur.



onsdag 25. juni 2014

Tysdagstur på Bolsetnipa 1234 m.o.h.

Endeleg kom dagen/kvelden det skulle lukkast for meg å komme opp på Bolsetnipa. To forsøk i fjor vart avslutta grunna regn og tåke. I går åpenberte det seg ein flott midtsommarkveld og eg vart med tysdagsgruppa på tur. Eigentleg var eg litt i tvil om det var rette dagen sidan formen ikkje var heilt på topp. Ganske riktig gjekk eg på ein liten smell ganske tidleg, men det var vel fordi eg gjekk for hardt ut. Skulle sjølvsagt følge dei andre, men tempoet var knallhardt for meg i går. Etter godt fylgje i Petra og ein del pauser opp over råsa kom eg meg opp. Litt etter dei andre men eg fekk ein varm og god mottaking med klemmar og kaffe. God belønning i tillegg til opplevinga å vere på toppen. 
Ein ting er i alle fall sikkert: Å setje seg mål er flott og det som hjelper best å nå det er å ta tida til hjelp.


Bolsetstøylen der berre murane står att.

Innover Fossheimsdalen.

Jølstravatnet.

Toppen er nær!

Endeleg!


Stardalen.



Fine gjengen som venta på meg meg på toppen med klem og kaffeskvett.



Ein vedunderleg tur med ein flott gjeng. 
Ser fram til nye opplevingar til hausten.
Takk for i sommar.