Viser innlegg med etiketten Tur14. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur14. Vis alle innlegg

lørdag 4. oktober 2014

Stegsvatnet og Longevasshytta

Endeleg fekk eg komme meg opp i fjellet igjen. 
Målet mitt i år var å nå 7 postar i fjelltrimmen. Ei stund spøkte det litt for dette fordi kroppen ikkje har vore heilt med på denne leiken dei siste vekene. Etter å ha sjekka værmeldingane heftig ei veke fann eg ut at det måtte bli laurdagen. 
Starta ved Legestøylen etter å ha køyrt bomvegen opp gjennom Årdalsdalen. Ein fantastisk flott dal når ein kjem opp i høgda og ser tilbake nedover mot Årdal.

Legestøylen



Nedover Årdalsdalen


Stegsvatnet (782 m.o.h.)

Stien innover langs Stegsvatnet som sherpaer frå Nepal har vore og utbetra.
Det var fint å gå innover sjølv om det til tider var litt smal sti og bratt nedover til vatnet. Men det gjekk fint og var ei bonusoppleving på turen.

Døme på kor flott det er laga til på stien.

Inste enden av Stegsvatnet der det er nokre private hytter.

Kupa og Kupevatnet

Kupa og vidare mot Vassvendevatnet.

Og her er hovudmålet for turen, Longevasshytta.



Longevasshytta (810 m.o.h.). Den 7. posten min i fjelltrimmen 2014.

Deilig å komme inn i hytta og bytte ut svette klede med tørre og få i seg noko god mat.
Ein kan løne seg sjølv med ein liten sjokolade etter å ha nådd målet.
Kaffien smakte ekstra godt.

Fint med bruer over elvane. Eg takla denne fint.

På veg heimatt langs Vassvendevatnet. 
I bakgrunnen ser ein Kupevatnet og Kupeskaret.

På nytt har eg hatt ei flott oppleving i Jølstrafjella og er evig takknemlig for dugnadsgjengen som legger til rette for at eg får ta del i fjellivet og rekreasjonen ein finner der.

onsdag 17. september 2014

Vårfjellet

Har igjen vore på ein fin tur i Jølstrafjella.
Denne hausten har vore utruleg raus med godværsdagane slik at eg kan komme meg på tur når formen er god. Jaja, det var vel ikkje den beste dagen å legge ut på tur, men det var det beste været for ei fin oppleving. Tok meg god tida og pausa rett som det var. Med rosiner og styrkedrikk kom eg meg opp og fekk godkjensla på ny når eg såg flagget og målet for turen. 
Det er flott på Vårfjellet. I allefall ein slik vakker haustdag som i dag.
Køyrde opp bomvegen til Gjesdalsdalen til den første høgda. Der er nokre vedalader og fin parkering i vegkanten. Skilt med "fjelltrim" og godt merka opp igjennom fin sti i skogen og litt myr før ein starter på stigninga. Godt merka av Ingrid heile vegen opp.


Her ser de Vassenden og dalen nedover.

Kjelsnesstøylen.
Den turen tek eg ein anna dag.

Inn mot Ålhus.

Då har eg fått merka den 5.posten denne sesongen.
To att så er målet nådd.

Gjesdalsdalen

Middagsfjellet.
Der var eg i fjor.


Total kvile på fjellet er slett ikkje feil. Eg sov faktisk litt.

Sjøla og Vassenden.

Den glade vandrar.

fredag 29. august 2014

Bjørga, 1551 m.o.h.

Fjelltrimpostane gjer til at eg får komme meg ut i naturen og fylle på maskineriet med energi både mentalt og fysisk. Som regel er det eit par av postane eg lar vere å bry meg med for dei er for lange og utfordrande for meg. Eg såg på Bjørja som ein av dei. 
Men då eg fekk spørsmål om eg ville vere med å prøve å ta den posten lèt eg meg ikkje be to gongar. Vi var to stykker som nett ikkje kan kallast fjellgeiter og vart einige om å ta denne utfordringa på vår måte.
Eg angrar ikkje!
Vi starta frå parkeringa før Befringsstøylen kl. 09.20 fredagsmorgon og steig avgarde i roleg tempo. Pausa ved posten i Rambjørgbotnen før vi traska vidare. Sjølv om andre fjellvandrara tok oss att og stima oppover let vi oss ikkje stresse. Vi tusla i vår jamne fart og hadde små stogg med vatning og litt større raster i blåbærtuene. 
Kl. 15.30 var vi ved varden og posten og det var ei herleg kjensle. Eg svulma på lag over av den gode kjensla av meistring og opplevinga av utsikta. Det var so herleg å sitje der å nyte sigeren over seg sjølv.
Då klokka vart 16.45 starta vi på vegen nedover og det gjekk så lett og fint når vi hadde komt over dei største urene. Klokka 21.00 sat vi i bilen att og var godt sletne, men lukkelege.
Tusen takk til min følgesven, Irene, og det same til dei som legger ut og merker løypene slik at det er mogleg for dei fleste å få samle gode minner og opplevingar i naturen.



Grepstadstøylen.

Ser over til Befringstøylen.

Rambjørgbotnen frå første posten på turen.



Koppar kan brukast til bærplukking....

...og fjellvatn til kjeksen.

Veitebergsdalen mot Breim.


Blåvatnet



Mykje stein når vi kom opp i høgda.



Sjøla på Jølsters tak.


Eit Lemen tittar fram og lure på kva slag huldrer som er ute og går.

Brått stod varden der og ei overstrøymande god kjensle slo meg litt ut.




Her ser eg på lag "heim" til Ålfotbreen.

Snop høyrer til i høgda.



Frå dei høgaste tinder til blautmyra i botnen. 
Turen med kontrastar.

Vi er heldige som har dette så nær.