Viser innlegg med etiketten April14. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten April14. Vis alle innlegg

mandag 28. april 2014

Rauddalen, Rugsund i Bremanger

I lang tid no har eg ønskt å gå turar i ytre strok. Heimtraktene til mor si slekt har mykje flott turterreng og byr på flotte opplevingar. Søndag den 27. april sette eg meg i bilen og reiste til Nordfjordeid til søstra mi og svogeren min, Anne-Marit og Steinar. Vi reiste i Ålfoten og plukka opp broder Rune og køyrde til Rugsund. 
Rauddalen med Rauddalsvatnet var målet. 
Vi gjekk ein merka tursti frå Olsbø. Ein gammal seterveg med rås. Lett og fint terreng med ikkje alt for bratt stigning. Rart å tenkje på at her har oldemor mi sikkert gått til sætra.

Hornelen sett frå Mjånes.
Ja eg er veldig glad i denne klippa og har med bilete av den så ofte eg kan.
Har veldig lyst på toppen.

Rugsund Handelstad. 
Du kan lese meir om den HER






Særskilde formasjonar i fjellet.
også store årar av kvarts er godt synlege.


Vi hadde det ikkje travelt og tok oss god tid til drikke, prat og utsikt.




Sjøla med Hornelen i bakgrunnen.
Er det ikkje flott?

Rauddalsætra

Steinar er kokk og kokar vatn til suppe og toddy.

Det smakar fortreffeleg med Kyllingsuppe på fjellet.
Eg likar Toro.

Sjøla er riktig så førnøgd med livet. Rune ser ikkje ut som om han har det så verst han heller.

Steinar ser heim, eller fjella i alle fall.

Etter mat, drikke og kvile var det tid for tur heimatt.
Kan hende det vert ein tur til her, men då går vi til Davik.




mandag 21. april 2014

Påsketurar

Langfredag var første dag med skikkelig vårvær.
Gjekk meg ein tur innover langs Jølstra.




Påskeafta reiste eg til Svelgen.
1.påskedag starta eg med ein fin tur inn ved Risevatnet.
Det er ein stille og idyllisk stad.







I dag 2.påskedag, vart eg med Aud-Marit til Omvendeskaret. Vi køyrde til Nesbø og gjekk opp ein skogsveg og litt på sti.
Ei ny oppleving på ei perle av ein utkiksplass. Såg heilt til Kalvåg og ut mot havet.




Kalvåg og havet ut i der.

"Rognen"

"Gulebrystet, Midtgulen og "Mulen"
Midtgulen, "Mulen" og Sørgulen.

søndag 13. april 2014

Opplevingar på tur


Toppandpar som kosar seg i Jølstra ved Kvamsbua.

Eit par Laksender på same staden til same tid.

Skoregrova på veg opp til Flugestøylen.

Flugestøylen i byrjinga av april.


Det var ein fin dag å gå på Flugestøylen i starten av april.

Ein litt grå laurdag i april der nokre få ihuga slalomkøyrara
moroa seg i bakken.

Jølstravatne og fjella rundt med tynn vinterkåpe på.

På bana til Sunnfjord Golfklubb var det vårturnering og berre blide folk å sjå.





Hestehoven står langs vegen der eg går.

Nede ved Jølstra er det snøfritt og fint å gå.