Viser innlegg med etiketten camping13. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten camping13. Vis alle innlegg

lørdag 10. august 2013

Siste feriedagane


Torsdag 1. august reiste vi vidare over Svinesundbrua og tilbake til Norge.




I Råde bur Lisbeth og Hans-Kristian som eg har hatt kontakt med på nettet i mange år og no var sjansen til å helse på dei sidan E6 nesten går i bakhagen deira.
Border Colliane Cass (fremst) og Tuva (bak) var svært fornøgde med dei nye offra til apport-leik. DEt var ein del timar stopp her med kaffe vaffler og hyggeleg prat. No veit vi kor dei bur og kan stikke inn om når dei er heime frå Spania.


Omsider kom vi oss opp til Bodung og parkerte vogna hos Tor-Ivar og Annette. Dei bur på eit nedlagt gardsbruk med eit stort tun så her var det god plass til vogna. 



Denne veka vi var i Romerike besøkte vi "Besta" eit par gonger og den 7. august fyllte ho 77 år og vi møtte mannsterke opp med ostekake, cupcakes, kaffe og brus.


Søskenparet Torunn og Ole.


 Jubilanten.


Ole på Meierigården i Lørenfallet der vi spiste flesk og duppe.


Torsdag den 8.august var det på tide å sette nasa mot vestlandet. Vi reiste frå eit grisevær og kom heim til solgløtt og tørre vegar. Ein liten forlenging av sommaren. 
Vi har hatt ein fin tur i år og er veldig fornøgde begge to.

onsdag 31. juli 2013

Stenungsund og Strømstad

Søndag 28.juli kom vi til Tollenäs camping ved Stenungsund. Det var noko skya og bles litt, men etter ei skikkeleg regnbyge lyste det opp og vi gjekk ein fin kveldstur i området rundt campingplassen. 



Fekk med oss ein vakker solnedgong bak Tjørnbroen.

God mat på Tjörnbron Restaurant.

 


Medan Ole var å spela golf slappa eg av ved vogna i god sommarvarme.


Tysdag den 30.juli sette vi nasa mot Strømstad og Seläter Camping der vi er no.
Ole har vore på golfbana medan eg har lese og kosa meg i sola

I kveld har vi vore på Nordbysenteret og snopa litt. No slapper vi av og er klar for å reise til Norge att i morgon. Vonar at været fremdeles er med oss. Vert nokre dagar austom fjella før vi reiser hem.

søndag 28. juli 2013

Vinberg golfklubb og Ullared



Sidan det ikkje var ledige plassar med straum på Ullared bestemte vi oss for å reise vidare for å finne ein anna campingplass. Og det fann vi. På Vinberg golfklubb nesten ved Falkenberg er det mogleg å campe for dei som spelar golf. Ein liten, triveleg plass der vi betalte 100 svenske kroner døgnet (ca.92 nkr) med straum og dusj. Vi stillte oss opp like ved det 18. holet og stod der i to døgn frå fredag til i dag, søndag. Roleg og fin plass.


Greit å vite kor ein skal gå.


Synst desse  tee-merkene var flotte.


Ein godt fornøgd golfar...

og ei vel fornøgd golf-enke.


Eine føremiddagen var vi på Ullared og fekk med oss shoppinglivet på Gekås, kjend frå TVNorge. 
Såg diverre ikkje noko til dei kjende frontfigurane i tv-serien, men opplevde stemninga og mangfaldet.

Vi er kan hende ikkje dei som har lagt att mest pengar. Det vart ikkje meir enn at Ole tok det i eit løft frå handlevogn til bil.


Så var det ein runde på bana før kvelden og avreise dagen etterpå.




torsdag 25. juli 2013

Tur til Kristinehamn



I dag har vi vore eit ærend i Kristinehamn som er ein liten by ved Väneren. 


Etter tips frå Tone og Johan tok vi oss ein tur ut til skjærgården til Strandudden og 
Picassoskulpturen der. Veldig fin rekreasjonstad og ein skulle hatt med seg badedrakta, ja. 








lørdag 20. juli 2013

Turløype

Vakna til eit vidunderleg vær og god temperatur. Det var berre å få på kaffetraktaren og sette seg ut med frukosten og planlegge dagen. Det var enkelt. Ole ville på golfbana og eg ville gå tur. Det vil sei, først hadde eg nokre late timar i sola før eg gjekk turen som eg hadde tenkt. Utgangspunktet var eit par km borti vegen på andre sida av elva. Snakka med ein i resepsjonen som snakka om at turen tok 4 timer. Han anbefalte meg også å starte med Bjødnastigen og gå ned Skarsbakken. Det var eg glad for at eg gjorde for det var bratt oppover. Men det var ein flott tur sjølv om det var mykje skog og lite utsikt. Fin mosjonsløype. Eg brukte 2t og 50 min. Berre så det er sagt.






Aurdal Fjordcamping med vogna vår sånn ca. midt i.



Her var det eit smalt og bratt parti. 
Eg var verkeleg glad for tauene som var hengde opp.