Viser innlegg med etiketten des17. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten des17. Vis alle innlegg

søndag 24. desember 2017

Fjerde søndag i advent og Julafta


💗
💗🌟💗
💗

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor

💗
💗🌟💗
💗


💗
💗🌟💗
💗

Ferdigpynta stove og roen er kommen. Det vert på same viset som alle år med fjernsyn og avslapping, før det er tid for å sette på pinnekjøtet, steike ribba, dekke bord og kose seg vidare utover kvelden.
GOD JUL

💗
💗🌟💗
💗


💗
💗🌟💗
💗

lørdag 23. desember 2017

Lisjejulafta

💗🌟💗



💗🌟💗

Dagen før dagen og førjulstida er snart over. Like vemodigt kvart år. Men eg gleder meg til ein fin kveld med mann, søner og nevø i morgon. I dag vert det lagt siste hand på julepyntinga. Treet skal pyntast og dukar skal på borda medan "Kvelden før kvelden" går på NRK1. Pinnekjøttet skal i vatn og ribba er på på plass i kjøleskåpet. Sjølv om regnet høljar ned som aldri før, kjenner eg på ei viss julestemning.
Ole skal berre jobbe ein dag i romjula så det vert deilig med litt normalt søvnmønster nokre døgn.
Ønsker alle ei fin lisjejulaft.

💗🌟💗

fredag 22. desember 2017

Pittelisje julafta

💗💗💗


💗💗💗

Då er vi komne til den 22.desember og det er pittelisje julafta. Set no her i natta og kan ikkje komme på at eg har noko som må gjerast unnateke huslege sysler fram til julafta. 
Kjenner meg rimeleg avslappa, ja.
Ute er det eit skikkeleg dretvær så skal ein halde på julestemninga må ein halde seg inne å høyre på julemusikk og sjå seg rundt på pynten ein har teke fram.
I morgon er det mange som reiser til og frå for å komme fram til slekt og vener for å feire jula. vonar de er forsiktige i trafikken og kjem vel fram. 
Ha ein fin førjulsdag.

🌟

💗💗💗

torsdag 21. desember 2017

21.desember

💗💗💗



💗💗💗

Det byrjar å likne jul, i alle fall når eg ser meg rundt i stova. 
I dag skal eg hente dukane som eg rett og lett leverte inn til vask og rulling i år. Enkelt og greit etter at at eg oppdaga at eg har oversett nokre flekkae før eg la dei i frå meg sist.
I dag er det "solsnu".  Klokka 17.28 for å vere heilt nøyaktig. Om nokre veker klatrar sola opp på himmelen så vi kan sjå den og dagane vert lengre. No kan vi glede oss til våren og forhåpentligvis ein god og varm sommar.
Ha ein fin "solsnudag"
💗💗💗

onsdag 20. desember 2017

20. desember

💗💗💗


💗💗💗

Så er det berre fire dagar att til julafta og eg tykkjer det er noko vemodigt. Har hatt ei fin adventstid som no snart er over. Poff, så er venteida over. Men, først er det solsnu og dagane vert lenger. God grunn nok til å feire i fleire dagar.
Ha ein fin førjulsonsdag.

💗💗💗

tirsdag 19. desember 2017

19.desember

💗💗💗



💗💗💗

tysdag og tid for ei økt hos fysioterapeuten og det skal bli både vondt og godt. Kjenner at eg verkeleg har trong for ei økt på benken etter eit par veker opphald.
Juleserviset "Gammaldags jul" er komme på plass i tallerkenhylla i lag med eit par nye lysestakar. Riktig nok kjøpte eg stakane brukte på nettet, men dei er like fine som nye.
Det blir fint middagsbord i år også. Ha ein fin førjulstysdag.

💗💗💗

mandag 18. desember 2017

18. desember og siste veka i advent

💗💗💗
💗💗💗

Då er både krumkaker og smultringar komne i boksane sin og vi er absolutt i rute.
Sidan fjerde søndag i advent er på julafta er det no berre tida og vegen fram til julafta. Juletreet er komme på tunet og eg kjem ikkje på noko anna enn å handle inn litt godt pålegg og slikt. 
Jaja, det dukkar vel alltid opp noko eg har gløymt, men det tek ein når det passar.
ha ei fin siste veke i advent.

💗💗💗

søndag 17. desember 2017

Tredje søndag i advent

💗💗💗


💗💗💗

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede

💗💗💗

lørdag 16. desember 2017

16.desember

💗💗💗



💗💗💗

I går kveld var eg i Førdehuset og fekk oppleve Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga kvar for seg og i samspel. Vi fekk høyre det beste av dei og julestemninga kom på plass.
I dag held eg fram med juleting og dei siste korta skal skrivast og sendast seinast i morgon. Siste tilbehør til julemiddagen skal handlast inn og no kan eg nyte siste resten av adventen og pusle på i mitt eige tempo utan at blodtrykk og puls tek skade. 
Legger ved ein flott julesong med brødrene Nordstoga. 
Ha ein fin adventslaurdag.

💗💗💗

fredag 15. desember 2017

15.desember og julekort

💗💗💗



💗💗💗

Ein tradisjon eg prøver å halde på er å sende julekort. Om eg ikkje sender så mange og ikkje alle er like mykje utfyllande skreve, så ynskjer eg alle det godt i jula og i det året som kjem. 
Sjølv tykkjer eg at det er trivelig med kort i posten og helsingar frå vener og familie. Det trenger ikkje å vere lange brev, berre eit teikn på at ein tenkjer på ein.
Musikkvideoen er verkeleg ein av favorittane mine i advent og jul. Ein nydeleg melodi og denne versjonen er vakker.

💗💗💗

torsdag 14. desember 2017

14.desember og litt bakst


⭐🌟⭐


⭐🌟⭐

Då har eg faktisk fått baka litt. Brune pinnar er komne i boksen og no er det berre å sjå om det er att noko til kaffen på julafta. Dei vart skikkelig gode.
Er også komt i gang med julekorta. Må ta dei litt etter litt for handledda protesterer litt. Så lenge eg klarer å skrive med hand så gjere eg det. Koselig med handskrevne kort.
Ellers går dagane med litt ymse hemmeligheiter og julemusikk.

⭐🌟⭐

søndag 3. desember 2017

1.søndag i advent

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
(Inger Hagerup)

⭐⭐⭐




⭐⭐⭐










torsdag 30. november 2017

1.desember


Då er det tid for desember og førjulskos i bloggen. Heilt tilfeldig kom denne karen fram i natt og eg ynskjer han veldig velkomen til å hjelpe til med juleførebuingane. 
Tradisjonen tru startar eg med The Pogues sin "Fairytale of New York". 
Eigentleg ikkje ein julesong, men merkeleg nok kjem eg i stemning når den vert spela.
Ha ein god første desemberdag 😊