Viser innlegg med etiketten Været. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Været. Vis alle innlegg

onsdag 6. april 2016

Det vårast













Har vore nokre turar opp langs elva og her kan ein sjå at våren er på veg.
Det gjer noko med humøret.

lørdag 26. desember 2015

Romjul

Det har vore nokre fine dagar denne jula.
julafta kom gutane og feira i lag med oss og vi hadde ein koseleg kveld.
Første juledag tok vi med oss restane av julemiddagen og reiste til foreldra mine i Svelgen og kosa oss der.
Sjølv om det det var eit grisevær gjekk turen fint.


I dag har det vore ein fin dag ute og eg har gått ein liten tur inn til Kvamsbua. 
Ein må ta vare på slike moglegheiter når dei kjem på dagen ein har fri og har litt overskot til å komme seg ut av dørene.

søndag 13. april 2014

Opplevingar på tur


Toppandpar som kosar seg i Jølstra ved Kvamsbua.

Eit par Laksender på same staden til same tid.

Skoregrova på veg opp til Flugestøylen.

Flugestøylen i byrjinga av april.


Det var ein fin dag å gå på Flugestøylen i starten av april.

Ein litt grå laurdag i april der nokre få ihuga slalomkøyrara
moroa seg i bakken.

Jølstravatne og fjella rundt med tynn vinterkåpe på.

På bana til Sunnfjord Golfklubb var det vårturnering og berre blide folk å sjå.





Hestehoven står langs vegen der eg går.

Nede ved Jølstra er det snøfritt og fint å gå.

tirsdag 25. mars 2014

Endeleg vår?










Endeleg er det nokre fine dagar som kan nytast til fulle. Sola skine og jagar vekk snøven slik at ein verkeleg kan tru at det er våren som er kommen. 
Sidan eg er skikkeleg plaga med ryggen for tida, vert det mest gåturar rundt om og i dag har eg gått nedover mot Eikås over Slåtten og oppatt ved Støfring og Støfringshogjen. Ein fin tur sjølv om det er litt mykje asfalt. Men når no snøen snart er heilt vekke skal det bli råd å finne fine skogstier å gå igjen. Gleder meg.

lørdag 8. februar 2014

Tidleg vårstemning

Fram til no har det vore ein framifrå vinter. Når endeleg den ekle, kalde, stikkande austavinden gav seg, er det no tid for å nyte ei tidleg vårstemning. Det er flott å gå i skog og mark på tørre vegar og stier.




I dag hadde dei drista seg til med ei vinterturnering på golfbana til Sunnfjord Golfklubb og det har aldri skjedd før. Det var mange blide golfara å sjå på bana.



Lite vatn i elva gjer til at ein kan ta bileter frå litt andre vinklar enn vanleg. 
Gjekk i elvelaupet eit stykke.


Veit ikkje kor lenge dette varer for ein har erfart at snøven er kommen i slutten av februar før og skapa problem langt ut i mars.
Vonar at det ikkje blir så gale.


lørdag 27. april 2013

Vakker vårdag








Ein fin vårdag i hagen.
Kosar oss ordentleg både katten og eg.
Ikkje heilt den store temperaturen endå, så det vart berre ei stund i solveggen no i føremiddag. 
Vonar at temperaturen stig utover dagen.
Men uansett så er det ein forsmak på gode dagar.

onsdag 5. desember 2012

Desemberdag










Det er kaldt om dagane. 
Gradestokken viste -14 då eg gjekk meg ein liten tur med fotoapparatet.
Det beit godt i kjakane ned med elva så eg var ikkje ute meir enn 30 minutt.
Nok til å fange vakre augneblink.