Viser innlegg med etiketten des 18. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten des 18. Vis alle innlegg

mandag 24. desember 2018

Julafta 2018

❤️❤️
❤️🌟❤️
❤️❤️


❤️❤️
❤️🌟❤️
❤️❤️

Då er dagen kommen og julefreden har lagt seg i heimen. Putlar på med å klargjere til middagen i kveld. Saueribba er vatna ut og klar til å sette på kok. Men før den tid er det "Tre nøtter til Askepott" og etter det skal vi i Bøafeltet og ete nissegraut i lag med familie der.
I kveld vert det middag med oss fire. Som vanleg er det både svin- og saueribbe på bordet. eg gleder meg til å ha begge gutane heime og berre slenge oss i stolar og sofaen utan noko slag for stress. Eg er lukkeleg.

❤️❤️
❤️🌟❤️
❤️❤️


🌟🌟
🌟❤️🌟
🌟🌟

søndag 23. desember 2018

Vesle Julafta

❤️🌟❤️


❤️🌟❤️

Fjerde søndag i advent fell i år på vesle Julafta og no er det tid for å legge siste hand på førebuingane. Treet skal inn i stova og pyntast, saueribba skal leggast i vatn og siste dukane skal på bordet. Om eg har hugsa alt skal det ligge til rette for ei fin og roleg julefeiring i lag med flokken.
Vi har ikkje noko tradisjon for å gå i kirka sidan vi ikkje legger noko vekt på den religiøse delen av julefeiringa. Her er det god mat og hyggeleg samvære som er i fokus.
Eit triveleg avbrot i den kalde og mørke vinteren. Sola har snudd, vi går mot lysare tider og det er ein fin tanke. 
Som vanleg er det litt vemodig når adventstida går mot slutten, men eg skal halde fram med å tenne lys så lenge det er mørketid.
Ha ein fin kveld før kvelden.

❤️🌟❤️

ADVENT
av: Inger Hagerup
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede


Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor

❤️❤️


❤️🌟❤️

lørdag 22. desember 2018

Mot lysare tider

❤️💚❤️


❤️💚❤️

Då har vi hatt vintersolverv og eg ser no fram til at det skal komme lysare og lengre dagar. Det er reint utriveleg kor mørkt det er om dagane no. 
 Men då tar eg ein vri og tenner lys istaden for å forbanne mørket. 
Ha ein fin laurdag.

MIDTVINTER
Når natta blir lang og dagen så stutt
og kulda er fælest og året snart slutt,
og him'len er mørkest og vinden mest kvass,
og snøen dypest og sola blir blass,
ja, da er det da du skal stelle til fest
og få på deg alt som er finest og best, 
for vintern'n har nok vært lang og vært hård
men nå kan den gi deg
et løfte om VÅR!

(Kilde: Flere Musehistorier fra Tornekrattet - Jill Barklem)

❤️💚❤️


❤️💚❤️

fredag 21. desember 2018

Vintersolverv eller solsnu

❤️💚❤️


❤️💚❤️

I kveld kl.23.23 "snur sola." I Wikipedia finn du denne forklaring:
"Vintersolverv er tidspunktet én gang i året når jorda er i det punktet av sin bane rundt sola hvor den nordlige halvkule heller lengst bort fra sola. Dagen dette inntreffer er den med kortest daglengde. Når sola står i sør midt på dagen, har den sin årlig laveste døgnmaksimumshøyde over horisonten (gjelder nord for ekvator og sør for polarsirkelen).
Noen tidsregninger sier at vintersolverv er den første dagen av vinteren. Den kinesiske kalenderen kaller vintersolverv dong zhi(vinterens ankomst), og dette er en viktig merkedag. Andre regner dagen som midten av vinteren.
I Skandinavia ble vintersolvervet feiret med luciadagen, men da den julianske kalenderen ble forlatt til fordel for den gregorianske, beholdt man luciafeiringen på 13. desember, og kom da i utakt med solvervet. Primstavsmerket var en sol. Denne dagen skulle man ikke arbeide med noe som ble dreid rundt, og heller ikke bake. Juleølet skulle også være ferdig innen 22. desember så det ikke kom «solverv» i det."
Det hjelper på å vete at det går mot lengre og lysare dagar.

☀️🔆☀️


☀️🔆☀️

onsdag 19. desember 2018

Førjulsdagar med ro,fred og lys


⭐🌟⭐


⭐🌟⭐

Så langt har det vore ei fin førjulstid og eg meiner at eg har fått gjort meg ferdig med det som skal gjerast. Om eg har gløymt noko så får eg berre leve med det. Nei, eg har ikkje vaska og rydda i skuffer og skåp for der har eg ikkje tenkt å vere i jula. Har heller ikkje sprunge rundt som ein duracellkanin i Førde for å gjere ferdig handelen. Innkjøpa har eg gjort inn i mellom kafèbesøka og surra rundt for å sjå på julepynta butikkar og fine ting i hyllene. Desember månad har stått i lyset sitt teikn. Levande lys og batteridrevne lyslenker og led-lys. I mørketida må det lysast opp i kvar ei krå.
Teller ned til solsnu og ser fram til at sola kjem att.

⭐🌟⭐



⭐🌟⭐

tirsdag 18. desember 2018

Ny desemberdag


⭐🌟⭐



⭐🌟⭐

Av og til hender det at eg går tom for energi og ting tar lenger tid. I går, måndag, var ein slik dag. Dette er noko eg veit kjem av og til og då er det greit å ha lagt det inn i planane at slikt skjer. Utmattinga er ein del av meg og eg kan leve med det sjølv om det ofte kjem når det minst passar. Eg veit at det går over og i dag vil eg tru at eg kan halde fram med julegjeremål. 

⭐🌟⭐


⭐🌟⭐

mandag 17. desember 2018

Starten på siste veka

⭐🌟⭐


⭐🌟⭐

I går var det førjulsgjeremål i heimen. kallen laga smultringer og krumkaker, medan eg skreiv julekort og høyrde på julemusikk. Det vart prøvesmaking på baksten som var framifrå og eg kjende på ei god kjensle av ro og fred. Her er det ikkje mykje kav, nei.
I dag må eg leite etter den siste øskja med nisser. Ja, eg manglar nokon. Trur dei er blitt nissa vekk av rampenissen. Julemysteriet er på plass.

⭐🌟⭐


⭐🌟⭐

søndag 16. desember 2018

Tredje søndag i advent

🌟🌟🌟



🌟🌟🌟

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede

🌟🌟🌟


🌟🌟🌟

lørdag 15. desember 2018

Putlar sakte på


⭐⭐⭐



⭐⭐⭐

Laurdag og helg. Pent vær og litt kaldt, men så lenge det ikkje er nedbør av noko slag er eg fornøgd. Juletreet er komme på tunet, så no er det vel berre å vaske golvet og gjere klart neste helg.  Vel, det er alltid noko å putle med. Kan hende det vert laga litt gotteri? Det er ikkje sikkert, men det freistar litt med heimelaga snop.
Ha ein fin adventslaurdag. Senk skuldrane og ta det litt med ro. 

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

mandag 10. desember 2018

Måndag

⭐⭐⭐

Då er vi i gong med endå ei veka og høgtida nærmar seg. Eg er framleis veldig roleg og let ikkje stresset ta meg for då har eg tapt. Denne veka er det julekort og gåver som skal sendast som står for tur. Handle inn litt til julemiddagane og kanskje lage litt snop om overskot og lysta er der.
Ser ut som været betrar seg og vi slepp unda nedbør for ei stund. det kan eg like.
ha ein fin måndag.

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐



⭐⭐⭐

fredag 7. desember 2018

Hu hei kor det går!


⭐⭐⭐

Jammen er det fredag igjen. Vekene går fort når ein har det fint med juleførebuingar i sakte tempo."Fiskaren" har fått på seg nissehua og lykta er komme på plass. Enkelte ting har sin faste plass.
I skrivande stund er det snø på tunet, men eg trur ikkje været er stabilt nok til at den vert liggande. Kjenner det godt på kroppen at det er ujamn temperatur og er så stiv om morgonen at eg på lag må rulle meg ut av senga for å kave meg opp frå golvet. Litt overdriving der, ja. Men det knirkar godt i skroget i allefall. Trøysta er at det ikkje er så lenge til sola snur og vi kan sjå fram mot vår og sommar igjen. 
Ha ein fin dag.

⭐⭐⭐



⭐⭐⭐



⭐⭐⭐

torsdag 6. desember 2018

Vedlikehald

⭐⭐⭐

Torsdag og tid for vedlikehald og fysioterapi. Som vanleg litt sleten etter denne økta og middagskvilen vert lang. Har kika litt i butikkar og begynt å skrive på ei handleliste. Kjenner at eg er i rute med juleførebuingane. Det går seg til berre ein tek tida til hjelp og gjer litt no og litt då. Fredag i morgon og endå ei veke går mot slutten. Nærmar seg solsnu.

⭐⭐⭐



⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

onsdag 5. desember 2018

Juleklipp i dag

⭐⭐⭐

Femte dagen i desember og eg må ut av dørene i dag for å få gjort med ferdig meg juleklippen. Må vere pen på håret når høgtida kjem. Er så heldig at favorittfrisøren min, Melinda, held til på Vassenden og difor kort veg. Men, eg må nok ut å få måka snøen ut av bilen. Kjenner at eg ikkje bør kave meg innover langs elva og fiskestien i dag. Sikkert blaut snø og glatt på stien.
I går hadde eg ein fin dag i heimen og kvelden vart fin med ein uendeleg lang og god prat med ei mangeårig veninne. Enkelte venskap er like sterke sjølv om ein berre snakkast ein gong i året. Eg elskar galgenhumoren vår, det og le i saman og vete at vi kan stole på kvarandre. Eg er heldig som har så mange fine folk som bryr seg.
Ha ein fin dag.

❤️❤️❤️


⭐⭐⭐



Fantastisk duett mellom to store artistar.
Kan hende dei syng i lag ein annan stad no?

⭐⭐⭐


tirsdag 4. desember 2018

Ein dag utan planar

⭐⭐⭐

Det er tysdag 4.desember og eg har ikkje noko plan for dagen. Satsar på ein mjuk start med god frukost og kaffe i koppen etterkvart. Nissar og englar kjem sakte ut av øskjene sine og hemmeligheiter vert klekka ut og skal fullførast når tida er inne.
Ute er vinteren forsiktig framme med sitt første snøfall og det vert vel nokre fleire før den ligger som eit teppe over bøane.
Ha ein fin dag og køyr forsiktig.

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐



⭐⭐⭐

mandag 3. desember 2018

Måndag i dag

⭐⭐⭐

Tredje dagen i desember er her og eg har opna kalendaren min som inneheld sjokolade og te. Dette skal eg kose meg med i kveld etter at eg har vore på Strikke - og heklekveld "Hjemme hos Hege" på Ålhus. Det er den første måndagen i kvar månad og er ei triveleg stund i lag med andre handarbeidsglade. Eg er også med på "Strikk og lytt" på Førde bibliotek den siste måndagen i kvar månad. Kjekt å komme seg ut av stova. Særskildt no i mørketida er dette fint.
I går, første søndag i advent, var eg saman med grandtanteunger og baka peparkaker. Fint med slike gjeremål i adventen.

⭐⭐⭐



⭐⭐⭐



⭐⭐⭐