Viser innlegg med etiketten Des09. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Des09. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2009

Romjulskveld i Kvammen


Romjula

Det snør "kjærringar" ute og det er greitt å vere inne og kjede seg litt. Surrer litt på internett og leiker meg litt med kamera og bilder.
Vi er heime alle fire og det er veldig roleg. Det har vore ei veldig fin julehelg. Det er mange år sidan at eg har kjent ei slik ro rundt desse tider. Har vore sjukmeld i snart to månader og har vore n øydd til og ta livet meir med ro. Det hjelper på med ein liten "time-out" frå det daglege stresset.
No kjenner eg at eg etterkvart er klar for å starte på jobben att. I allefall i halv stilling. Nattevakter er nok slutt for min del.

Ønsker alle ei fin og roleg romjul.

lørdag 26. desember 2009

2.juledag



I ettermiddag køyrde eg opp til Jølstraholmen og parkerte bilen der. Så gjekk eg opp langs elva på sørsida til Vassenden der eg tok desse bileta. Nedover gjekk eg gangvegen til eg kom nedatt til bilen. Ein fin tur på ein liten time.

fredag 25. desember 2009

1. juldag





Har vore på spasertur og utforska det nye kompaktkameraet.

torsdag 24. desember 2009

Jul i heimen




Tid for utforsking av nye duppeditter.


Sjølv er eg klar for nye økter i bassenget.
Tusen takk til Henrik og Marius.

Bileta er forresten tekne med mitt nye Canon Ixus 100 IS som eg fekk
av den snille mannen min.

Nissebesøk i feltet

Forventningsfulle unger venter på nissen.

Og han kjem til sniile unger.
Denne hadde reist i frå Eid og vore innom 999 heimer.

Han hadde gåver til både liten og stor.

Det var langt til botnen i sekken og nissen såg dårleg. Han var godt sleten etter ei
kronglete reise frå Nordfjord til Sunnfjord.
Godt å sitte på mamma sitt fang.
Kanskje vi er modigare neste år?

tirsdag 22. desember 2009

Straumbrot

Kva gjer ein når det er fleire timar sidan ein har vore på nett og ikkje har straum?
Jau, ein kler på seg, startar bilen, brukar adaptar og mobilt breiband.
Desperate needs, makes desperat actiones.

Lommelykt gjev god nok lyssetting i mørke natta.




Vi lei ikkje noko naud sjølv om straumen ikkje kom att før det var gått nesten 17 timar.

lørdag 19. desember 2009

Julepynt



I dag fekk eg nydeleg julepynt av Torun. Ein stor og ein liten. Fantastisk kreativt.
Tusen takk, Torun. Dei er komne på plass i kjøkenvindauget.

Julesnøen er her


torsdag 17. desember 2009

Kaldt for dyra også.

Rocky ville gjern inn i varmen etter ein liten tur på rima mark.

Barfrost


I dag var det -10 grader midt på dagen og rimet ligger tjukkt på tre og bøar.

tirsdag 15. desember 2009

Kromkaker

Så har Ole fått ferdig krumkakene. No kan jula berre komme.

lørdag 5. desember 2009