Viser innlegg med etiketten Juli13. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juli13. Vis alle innlegg

onsdag 31. juli 2013

Stenungsund og Strømstad

Søndag 28.juli kom vi til Tollenäs camping ved Stenungsund. Det var noko skya og bles litt, men etter ei skikkeleg regnbyge lyste det opp og vi gjekk ein fin kveldstur i området rundt campingplassen. 



Fekk med oss ein vakker solnedgong bak Tjørnbroen.

God mat på Tjörnbron Restaurant.

 


Medan Ole var å spela golf slappa eg av ved vogna i god sommarvarme.


Tysdag den 30.juli sette vi nasa mot Strømstad og Seläter Camping der vi er no.
Ole har vore på golfbana medan eg har lese og kosa meg i sola

I kveld har vi vore på Nordbysenteret og snopa litt. No slapper vi av og er klar for å reise til Norge att i morgon. Vonar at været fremdeles er med oss. Vert nokre dagar austom fjella før vi reiser hem.

søndag 28. juli 2013

Vinberg golfklubb og Ullared



Sidan det ikkje var ledige plassar med straum på Ullared bestemte vi oss for å reise vidare for å finne ein anna campingplass. Og det fann vi. På Vinberg golfklubb nesten ved Falkenberg er det mogleg å campe for dei som spelar golf. Ein liten, triveleg plass der vi betalte 100 svenske kroner døgnet (ca.92 nkr) med straum og dusj. Vi stillte oss opp like ved det 18. holet og stod der i to døgn frå fredag til i dag, søndag. Roleg og fin plass.


Greit å vite kor ein skal gå.


Synst desse  tee-merkene var flotte.


Ein godt fornøgd golfar...

og ei vel fornøgd golf-enke.


Eine føremiddagen var vi på Ullared og fekk med oss shoppinglivet på Gekås, kjend frå TVNorge. 
Såg diverre ikkje noko til dei kjende frontfigurane i tv-serien, men opplevde stemninga og mangfaldet.

Vi er kan hende ikkje dei som har lagt att mest pengar. Det vart ikkje meir enn at Ole tok det i eit løft frå handlevogn til bil.


Så var det ein runde på bana før kvelden og avreise dagen etterpå.




torsdag 25. juli 2013

Tur til Kristinehamn



I dag har vi vore eit ærend i Kristinehamn som er ein liten by ved Väneren. 


Etter tips frå Tone og Johan tok vi oss ein tur ut til skjærgården til Strandudden og 
Picassoskulpturen der. Veldig fin rekreasjonstad og ein skulle hatt med seg badedrakta, ja. 








lørdag 20. juli 2013

Turløype

Vakna til eit vidunderleg vær og god temperatur. Det var berre å få på kaffetraktaren og sette seg ut med frukosten og planlegge dagen. Det var enkelt. Ole ville på golfbana og eg ville gå tur. Det vil sei, først hadde eg nokre late timar i sola før eg gjekk turen som eg hadde tenkt. Utgangspunktet var eit par km borti vegen på andre sida av elva. Snakka med ein i resepsjonen som snakka om at turen tok 4 timer. Han anbefalte meg også å starte med Bjødnastigen og gå ned Skarsbakken. Det var eg glad for at eg gjorde for det var bratt oppover. Men det var ein flott tur sjølv om det var mykje skog og lite utsikt. Fin mosjonsløype. Eg brukte 2t og 50 min. Berre så det er sagt.






Aurdal Fjordcamping med vogna vår sånn ca. midt i.



Her var det eit smalt og bratt parti. 
Eg var verkeleg glad for tauene som var hengde opp.







På campingtur

Då var dagen kommen at Ole starta på ferien og vi kunne reise avgarde med vogna. Etter ein heller kald sommar og regnfyllte dagar var reisefeberen høg og jakta på dei varme gradene starta den 19.juli kl.17.00.
Vegen gjekk over Sognefjorden og Filefjell og målet var Aurdal Fjordcamp i Valdres. Her er vi no eg vi koser oss i varmen. Det er sommar.






onsdag 10. juli 2013

Fjelltrim Blåfjellet

Ein av dei sjeldne sommardagane vi har for tida kom i dag. Eg var ikkje sein om å pakke sekken når eg var ferdig med ting som måtte gjerast. 
Blåfjellet har eg gleda meg til etter å ha snakka med andre fjelltrimpostjegera, og i dag gjekk turen til Huus og innover eit stykke. Parkerte nede og gjekk bomvegen og skogsvegen opp til Huusstøylen. Der i frå var det lett og fin sti oppover på venstre sida av elva frå fjellet. For det meste tørt og fint, med enkelte innslag av myr og litt vått. Gjekk fint med joggesko i gore-tex. Merkene var tette og tydelege så det var berre å gå og nyte turen.

Husstøylen
Bru over til venstre sida av elva.

Også Huusstøylen.


Jølstravatnet med Orkja til venstre.

Innover Huusdalen.

Ein liten fuggel.






Kjøsnesfjorden til venstre, Dvergsdalen i midten, Orkja og Jølstravatnet til høgre.



Sjøla ved post nr.3, Blåfjellet 1086 m.o.h.
Sol og fin temperatur gjorde turen til ei ny fantastisk oppleving i fjella her i Jølster.