Viser innlegg med etiketten Advent14. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Advent14. Vis alle innlegg

onsdag 3. desember 2014

Stjernesludd

Ein vakker desembersong spelt av tøffe rockara. Ein naturleg favoritt for meg. Det råe i det vakre.
Eg gjer meg no klar for å reise til Hauglandssenteret og skal vere der i tre veker. Set litt oppe i natta og nyter den julepynta stova med litt levande lys som selskap. Finner roen så eg kan få kvile meg litt før starten på ein spanande periode. 



tirsdag 2. desember 2014

Klassikar

Snøen er ikkje kommen endå, men det rekker seg når vi nærmer oss julafta. 
Denne klassikaren med Dean Martin vekker minner om barndommens jul og vintrar. 
Blir litt i stemning når eig høyrer den.



mandag 1. desember 2014

søndag 30. november 2014

Første søndag i advent



Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
( Inger Hagerup)

Første søndag i advent og det betyr at vi nærmar oss solsnu. Det kan nesten ikkje bli betre.
Stova her er på lag ferdig julepynta. Eg er så heldig at eg har fått meg tre vekers opphald på Haugland Rehabiliteringssenter no i desember. Plana er å komme heim att vesle julafta og då er det greit at det ikkje er så mykje å gjere i heimen før jula ringer inn. Reknar med at eg får permisjon ei helg slik at eg kan legge siste hand på ting som skal ordnast.
Ønsker alle ei god adventstid.