fredag 18. juli 2008

"Mamma Mia"!


Her skulle det vore bilder av tre damer som var på kino i Førde i går, men dei bildene forsvann ein stad mellom kamera og pc.
Uansett så var det ei oppleving å sjå den filmen som var stappa med kjende skuespelara som eg aldri har høyrt synge før.
Det var med stor spenning eg sette meg i stolen med rusta med pop-corn og smågodt. Korleis i all verda kan det bli musical med Meryl Streep, Pierce Brosnan, Colin Firth og Stellan Skarsgård i hovudrollane?
Vel, det svaret kom fort. Heilt i frå starten ante meg at dette kom til å bli underhaldning. Aldri har eg flira og ledd frå byrjing til slutt av ein film. Og det er fakta sant at eg går og flirer for meg sjølv i dag også.
Gleder meg til den kjem på DVD og damene skal ha jentekveld med heimekino og sjokoladekake i Årsetbakkane hos Ingunn.
Må vel nevne at dette er ein film som damene vil elske og mennene seie bob-bob :o)


1 kommentar:

Ingunn sa...

Det var ein fabelaktig kveld! Trur ikkje filmen vert dårlegare av å bli servert sammen med sjokoladekake, nei :-)