onsdag 13. august 2008

Jentetur på byen



Fantetanta henta Amalie og Cecilie i den "vesle grønne" for å ta ein tur til Førde. Målet var Domus, garnavdelinga der det blei litt "snoping" på dei vaksne. Amalie fann mange fine nøster i flotte farger og stokka litt om. Ho stokka tilbake etterpå. Absolutt talent for "garnstokking".
Etter så mykje stokking av garn var det godt med bolle og juice + litt vaffel på kafè. Og så toppa vi det med ein karuselltur. Vellukka dag for ei lita tulle.

Ingen kommentarer: