fredag 3. oktober 2008

Eg er sjuk!

Det er ein ordentlig dritt-dag. Snørrete og ekkel, smerter i hovud og alle andre stader i kroppen. det klør så ekkelt i halsen og alt er berre elende.
Jada, eg klager og veit at det går over om ei vekes tid, men eg skulle ha vore frisk og gått ute i naturen og rusla med fotoapparatet. Det er så nydelige fargar ute og dei skulle absolutt ha vore på pc`en min. Men nei, du.
Om ikkje så lenge så er skogen blitt svart og snøen har lagt seg på fjelltoppane og den stygge dumme vinteren kjem og ødelegger alt i fleire månader. Nei, eg er ikkje glad i vinteren så den stenger eg ute og koser meg inne med stearinlys og vedfyring. Har leita fram ullteppa og er forsåvidt klar. Men først kunne eg tenkt meg meir av den vakre hausten, så eg får skynde meg å bli frisk før den fèr.

2 kommentarer:

Anonym sa...

God bedring, fantetante! Er lite gøy med snørr og andre kroppslege uhumskheter. Ja til humsk! Eller noko i den duren...

Unknown sa...

Nytt ord, nytt ord. Vi vil vere(?) humsk!