fredag 16. januar 2009

Ellevill hjortejakt i Bremanger


Hjortejakta i Bremanger går til tider så vilt for seg at jegerane tek sau for å være hjort.
Det skriv Fjordenes Tidende i dag.
Heile to gongar har vèr måtta bøte med livet når skytekåte jegrar slepp ut av sesongdvalen.
Felte kongevèren
Ved eit tilfelle vart avlsvèren til ein av grunneigarane av jaktvaldet skoten.
Den stakkars vèren vart berre to år gamal og skulle etter planen få leve eit år til. Men slik gjekk det ikkje.
Den overivrige jegeren var innstilt på å skaffe seg kjøt, og fyrte laust då noko bevega seg i skumringa.
Dekke over
Jegeren ville først dekke over uhellet for jaktkameratane, men vèren var tung etter ein god sesong på beite og låg vanskeleg til.
Difor vart det ein livleg kveld i skogen.
- Vi har no kome fram til ei erstatning, seier bonden, som berre har ein vèr igjen.
(Eirin Årdal/nrk sfj. )

Ingen kommentarer: