fredag 6. mars 2009

Vår-teikn?

Det er ein rimelig grå dag med svart skog og råten snø på bøane. Men utafor stoveglaset har eg sett eit lite flugeliknande insekt som flyr rundt omkring.
Høyrer også fuglekvitter og opplever det som om det er liv i naturen rundt meg. Det gjev meg trua på at det vert vår og sommar i år òg.
Kan vi få det slik snart?

(Dette er frå Vassenden, 17.mai 2008)

1 kommentar:

Ingunn sa...

Bjørka er i alle fall i ferd med å sprette...

*snufs*
*hosthost*

Handleliste:
-Papirlommetørkle
-Antihistamin