søndag 27. desember 2009

Romjula

Det snør "kjærringar" ute og det er greitt å vere inne og kjede seg litt. Surrer litt på internett og leiker meg litt med kamera og bilder.
Vi er heime alle fire og det er veldig roleg. Det har vore ei veldig fin julehelg. Det er mange år sidan at eg har kjent ei slik ro rundt desse tider. Har vore sjukmeld i snart to månader og har vore n øydd til og ta livet meir med ro. Det hjelper på med ein liten "time-out" frå det daglege stresset.
No kjenner eg at eg etterkvart er klar for å starte på jobben att. I allefall i halv stilling. Nattevakter er nok slutt for min del.

Ønsker alle ei fin og roleg romjul.

Ingen kommentarer: