onsdag 3. februar 2010

Kvardagen.


Det er kaldt på Jølster til like med andre stadar i landet. I dag har eg fri frå jobben og koser meg inne med å fyre i omnen og surfe litt på nett. Strikketøyet er ikkje så langt unna og ei bok om psykisk helsearbeid i kommunen vert også lest inn i mellom.
Fortida er eg 40% sjukemeld og ser føre meg nesten eit år med å prøve ut kor mykje eg kan jobbe utan at det går ut over livskvaliteten i kvardagen. Smertene eg sliter med i fingrer handledd, rygg og hofter er komne for å bli og eg må lære meg å balansere aktivitet og kvile.
Svømming og gåturer er det beste eg kan drive med har eg funne ut og prøver å få til dette jamnt utover minst 4 økter i veka, 2 med svømming og to med turer.
Vektreduksjonen går også bra, sjølv om det no går noko tregare. Det er vel heilt naturleg når eg har hatt ein reduksjon på 20 kilo sidan mai.
I april er eg ferdig med 2 års forelesninger om arbeid med mennesker med alvorlege psykiske lidingar og eg kan gå tilbake til og ha meir fokus på andre ting.
Eg liker å fotografere og ynskjer å sjå litt nærmare på tips og triks om å ta gode bileter. Gleder meg til å ha betre tida til dette. Det er greit å ein anna hobby i tillegg til strikking og hekling. Slik kan eg tilpasse gjeremåla etter formen på dagen også.
I dag er det -15 og ein fin dag ute. Starta dagen med kos i god og varm stove og skal ut litt seinare og sjå om det er råd å finne nokre fine motiv og ta bilete av. Det er veldig fine motiv på slike flotte vinterdagar som i dag.

Ingen kommentarer: