onsdag 12. mai 2010

Studietida er over.


Her er beviset på at eg har utført ein to års studie på behandling, rehabilitering og oppfølging av mennesker med alvorlege psykiske lidingar. Eg er svært så stolt samstundes som det er noko vemodig at eg ikkje skal få møte studiegruppa og vegleiaren att jamleg. Ja, eg vil sakne samværa med Keth, Inger, Eilert, Jarle, Irene og Silje. 
Rart og tenke på at det er to år sidan eg sat i hagen og las dei første bøkene. Tida har gått fort og dette har gått bra. Eg har skaffa meg meir kompetanse på det eg arbeider med og fått styrka sjølvkjensla. To matnyttige år som er med på og gjere meg til ein betre hjelpar.

1 kommentar:

Cecilie sa...

Gratulerer!! No har du all grunn til å være stolt!