søndag 6. juni 2010

Gløppehelg


Det har vore ei superhelg på Gloppen Camping. Littsynd med den klde nordvinden, men sette vi oss i lè var det mogleg og sittje så lenge at ein vart brende.



Anne-Marit og Steinar tok turen frå Eid og gjekk ein fin tur i lag med meg opp til Fitjevårstøylen. Den ligg 5 km frå Campingen og vi gjekk både opp og ned. Fint og gå med folk som tilpassar farten til meg.

Etter på gjekk praten over kaffekoppen fram til Daviknesarane måtte fare.

Kvelden vart avslutta med reker og litt vin i hyggeleg selskap.

Ingen kommentarer: