søndag 18. juli 2010

På heimveg

Av og til vart det litt købak oss, men dei var flinke til å køyre forbi.

På Bismo møtte vi Oslofanteungane uttafor "friviljugsentralen"
....heilt friviljug.

På Lote bløma nyperosene og fjorden låg fin og stille.

Ein aldri så liten befaring langs kanten på Nordfjorden.
Vi reiste til Gloppen Camping og parkerte vogna der. Ei siste overnatting før ferien er over og vi reiste heim. 
Eg er ferdig med ferien medan Ole har to veker til. Men det får berre vere. Berre det vert betre vær etterkvart skal eg vere fornøgd.

Ingen kommentarer: