lørdag 19. februar 2011

Førtiåtte år

Åra dei går dei, og eg kan ikkje anna enn å fylgje med. Men eg har då oppdaga at dette er berre tal. Kanskje eg er midt i livet, men eg kjenner meg ikkje som middelaldrande. Tvert i mot eg har ikkje nådd fram der i heile teke.  Bursdagar er etterkvart vorte ein dag der eg fell litt i tankar om livet før og det eg har framføre meg. Trur eg rett og slett ser framover og der er det ingen ende, berre uendeleg med moglegheitar.
Har fått mange helsingar på sms, facebook og telefonar som har varma. Tusen takk. Takkar også for fine gåver. Det har vore ein fin dag.

Marius har teikna til meg.



Klokke og øyrepynt frå Ole.







Nydeleg garn og knappar frå Cecilie, Mads og ungane.
Dessutan har Nicholas teikna ein sjiraff med hjerter til meg.


Og denne tunikaen som mamma har strikka. 
Gleder meg til eg får den på måndag.

1 kommentar:

Sølvi sa...

Ser at du har hatt en fin dag ja, så mange fine gaver, den klokken likner veldig på den jeg har kjøpt her nede..:D
Ellers rart å se så mange bilder av snø, man glemmer jo nesten hvordan det er. Eller vil glemme, heter det vel.
48 er jo ungt..hilsen 53 og et halvt..:D klem fra Sølvi