onsdag 9. mars 2011

Snødeprimert


Eg registrerer at mars er like lunefull i år som tidlegare år. 

Denne vinteren har vore veldig lang, føler eg. Hugsa at det snøva godt den 19. oktober i fjor. Det var den dagen eg kom opp att på avdelinga frå intensiven etter operasjonen. Kan hende det kjennest lenge fordi eg så inderleg ønsker bare vegar, sti, skog og mark for å gå turar. 


I år gleder eg meg verkeleg til å få prøve meg på ulike turar. Kvamsstøylen og Amfen står først på lista. Gjesdalsdalen og kanskje nokre toppar rundt om der. Er spent på kva kroppen min klarer. Vegen vert til medan ein går.

Men først må ein grave seg ut av den vesle snødepresjonen som tynger no. 
Begynner med ein kopp te med jordbær og champagne.

Ein smak av sommar.



Ingen kommentarer: