onsdag 17. august 2011

Kvardagen er her.

Etter ein svært spesiell sommar som kanskje har endra landet litt er eg no ferdig med ferie og tatt til med dei kvardagslege syslane. Tankane er hos dei råka etter terrorangrepet litt kvar dag, men livet går vidare.
I dag har eg vore på ein av turane mine opp langs elva på sørsida til Vassenden og ned gangvegen langs E39, Holmen, og heimatt. Ein tur på 9 km som er fin og gå på fine kveldar.



                                       


Ingen kommentarer: