søndag 11. september 2011

Innevær i Kvammen

I dag er det innevær, men det er egentleg berre kosleg så lenge ein veit at ein ikkje skal ut. Jaudå, eg har uteklær og alt det der, men kvifor skal eg ut i dretværet berre for å gå ut i dretværet? Ikkje skal eg på hjortejakt og ikkje skal eg på jobb. Det er nok av ting å ta tak i inne visst ein har lyst til det.
Egentleg er det kosleg å sitte inne og sjå gjennom vindusruta kor landskapet ute endrar seg når regnet sildrar nedover glaset. Då freister det med ein varm, god kopp te og ei god bok, eller ein film. Vi får sjå kva dagen har og by på utover. Tek det som det fell seg.


Ingen kommentarer: