søndag 30. desember 2012

Julefeiring








Det har vore ei roleg julefeiring her i heimen. Alle var heime julekvelden og det vanlege måltidet med svineribbe og pinnekjøtt vart fortært. Det var hovedsakleg Ole som stod for kokkeleringa. Eg tok meg av pinnekjøttet sidan det er min skikk.
Romjula har vore like roleg sidan nokre av oss jobber skift og turnus så dei store sprella har det ikkje vore. Sjølv kom eg heimatt frå jobb 3.juledag og kjende meg svært tufs og har etter det strevd med vondt i hals, muskler og store ledd. Sjølvsagt måtte det komme når eg har langfri.
Nyårshelga ser ut til å bli her heime. Rekner med at ungdomen skal feire i lag med vener, så då vert det Ole , eg og katten. Det går så fint så.
Romjula er tid for reflektering og eg tenkjer tilbake på året som har gått. Det har vore mitt beste år med unntak av at eg har Ole og gutane. Opplevingane har stått i kø og eg er ganske så overvelda. Det får eg skrive meir om i eit nyårsinnlegg, tenkjer eg.

2 kommentarer:

Mallemor sa...

Og bytur med storesysta. Det må vi gjenta neste år.

Helen Ripe Lemoen sa...

Sjølvsagt. Det er ingen tvil om det :)