søndag 13. januar 2013

Støylsrunde med broddar



Det var stadvis isete og glatt på runden i dag opp mot Kvamsstøylen.
Snø i vegen på toppen, men skaren bar.


Klårt og fint vær i dag. 10-11 minusgrader, 
men godt med klede gjorde til at turen vart fin.

Snøproduksjonen i skisenteret går for fullt.



Folk kosa seg i bakken i dag.


Her ser ein prov på at det var broddeføre rundt golfbana.




Ein flott tur på nesten ei mil når ein går frå Kvammen opp støylsvegen, ned Bjørkelia og heimatt langs fiskestien på sørsida av "Jølstra"

Ingen kommentarer: