mandag 27. mai 2013

Kveldstur i Gjesdalsdalen





No er det verkeleg vår og snøen har trekkt seg tilbake og ein kan gå turer i skog og mark og på fjell på skikkelig vis. I går kveld gjekk vi innover Gjesdalsdalen og til parkeringa før Bakkestøylen. Sidan vi var litt seint ute gjekk sola ned og vi fikk ei påminning om at sommaren ikkje er kommen. Difor droppa vi støylen i går og vart einige om å ta den ein anna dag når sola skin. Det er veldig fint å gå på desse vegane sidan det endå kan vere noko vått utanom desse. Eg ser på dette som starten på ein fin tursommar og haust.

Ingen kommentarer: