søndag 30. juni 2013

Fjelltrim Stølverlifjellet 1033 m.o.h.

I dag har eg vore på den tredje fjelltrimposten i år. Noko skya, grei temperatur og opplett gjorde til at det vart ein fin dag å gå på fjellet. Køyrde inn på Trinta der bomvegen sluttar og følgde stien mot Gjesdalstølen eit lite stykke før eg tok av og følgde den oppmerka løypa rett over Gjesdalsdalen. Lett og fin tur fram til ein startar på stigninga. Sjølv om det til tider er bratt er det fint å gå i sikk-sakk oppover. Berre å gje seg god tid så går det fint. Turen er estimert med 2-2 1/2 timer. Eg brukte 2t 10 min. med innlagte utsiktspauser, magedrag og korte pratar med møtande fjellvandrarar. Godt å ha ull og vindtette kleder med for det har det med å blåse på toppane. Ved varden fann eg ly og kunne verkeleg kose meg aleine ei stund før det kom andre som var på tur. Hyggeleg med selskap også. Å komme til toppen av eit fjell er ei flott naturoppleving og vi som kan er heldige. Merkinga var super og gjorde turen fantastisk.
Ser fram til neste tur på ein finværsdag som dette.

Kyr som nyter grønt gras ved Instelva.


Instelva

Slik ser skiløypene ut utan snø.


Storehogtjønna.

Finneskotgrova.
Finneskotet er dalføret mellom Holsen og Gjesdalsdalen.


Mot Gjesdalsvatnet i Sandalskaret til høgre i biletet.

Ned i der kan ein skimte nokre vandrara på veg nedover.

Mot Vassenden.

Stølverlifjellet 1033 m.o.h.

Sjøla som er godt fornøgd med denne opplevinga. 
Storehesten/Kvamshesten bak i det fjerne.

Gjesdalsvatnet.

Finneskotgrova  i fugleperspektiv.

Får venstre ser ein Middagsfjellet, Stølsfjellet og skaret mellom Gjesdalsdalen og Sandalsdalen der  Gjesdalsvatnet ligger ser ein til høgre.

Hjarteforma finner ein overalt i naturen.

Bru over Instelva er med på og gjere det framkommelig til opplveingane i fjellet.
På andre sida ser de Gjesdalstøylen.



Ingen kommentarer: