onsdag 12. juni 2013

Støylstur med fin gjeng

Tysdagsturgruppa har vore på ein ny fin tur og eg var med. Det står Holestøylane på kartet, men det er litt misvisande for det er to ulike støylar frå ulike gardar som ligg side ved side. Vi gjekk i fra Hammarsbakken, der Ole-Magnus Kapstad eiger og regjerer, og opp til Bakkestøylen som ligg under dette bruket. Tett ved ligg Holestøylen (utt: håle) som ligg under eit anna nærliggande bruk.
Rart å tenkje på at her har far min sprunge i bakkane for å hente mjelk for omlag 70 år sidan. Ungdomen var sprek i dei dagar for eg tykte det var bratt, ja. Men det er då slik med fjellet att skal ein komme opp på det må ein faktisk gå i bratte lender.
Det var ein flott kveld og turen vart berre god med fin guiding frå Ole-Magnus. Og ikkje minst været gjorde sitt for at vi kosa oss.




Bakkestøylen

Holestøylen

Holestøylen






Ingen kommentarer: