søndag 25. august 2013

Fjelltrimposten i Botnavatnet og på Brandsegga 1270 m.o.h.


Endeleg var det nokon som kunne vere med meg på denne turen. Eg har høyrt så mykje ulikt om denne og var ein smule skeptisk. Men det duger ikkje uprøvd så vi traska avgarde med godt mot. Turen til Botnavatnet er ein lett og fin tur og det er ein stad ein verkeleg kan slappe av å nyte varme seinsommardagar.




Ida fann ein liten frosk som kanskje kunne vere ein prins, men den såg vèl ung ut så vi let den gå.




Utsyn ned mot Botnavatnet frå eit lite stykke opp i lia.



Sjøla er endå ved godt mot og nyter både turen og ikkje minst været.


Uren Luren Himmelturen


Pause med næringsinntak og god prat høyrer med.


Her er eit parti med mykje stein. Ikkje det vanskeligaste. 
Der var verre parti på vegen. Eg var faktisk redd eit par stader og kjende på at det ikkje var heilt godt.
Heldigvis fann jentene ein litt greiare veg å gå nedatt der det var mest urete og turen vart betre enn kva den KUNNE bli.


Her er vi nærmare toppen enn kva vi trur. Litt sletne, 
men likevel fornøgde med utsyn og naturen forøvrig.


Gjerdalsvatnet også kalla Isvatnet.



Endeleg! 
Gjett om vi er fornøgde med oss sjølve då. Vi heldt ut og kom fram.
Her er vi på posten omlag 1270 m.o.h.



Turen nedatt var rein bonus med molter og blåbær.

Turen var absolutt variert, ja.
Til tider var det bratt eller vått eller sleipt eller urete eller alt på ein gong. 
Det er ein tur eg ikkje går uten at eg må. Glad for at eg har vore der og veldig førnøgd når ein ser vekk frå det som var ubehageleg.
Tusen hjarteleg takk til Åse-Iren og Ida for godt turfølgje.
Har no vore på åtte av turane i år og er svært tilfreds med det.


Familietur til Knutholmen

 Laurdag, 24.aug. var det duka for gjestebod på restauranten på Knutholmen, Kalvåg.
I tillegg til foreldra mine, brødre, søster, svigerinne og svoger var Torhild og Gudmund frå Valdres med.
Ein flott seinsommardag i lag med trivelege folk.

Torhild og mamma.

Rune.



Knutholmen, Kalvåg.

Gudmund, pappa og Torhild utanfor restauranten.


Her er vi og ser på maten vi ikkje spiste.


Hornelen i kveldssol.


Ein fin bukett.
Torbjørn, Anne-Marit, Rune og meg.

Her er vi samla i lag med opphavet.
Ei svært sjeldan hending.


Her er nokre bilder som bror min, Rune tok. 
Men dei to med matbordet var det ei kjekk serveringshjelp som tok.
Gjett om vi kosa oss då.








fredag 23. august 2013

Eikåsnipa 826 m.o.h.


I dag har eg vore på ein flott tur på Eikåsnipa. 
Eit nydeleg vær gjorde det til ei oppleving og eg tek nok den turen fleire gonger.
På oppover stogga eg på ytre Eikåsstøylen for litt vatning og foring.
Fekk beskjed av Janne at selet er opent og at det ligger ei bok som ein kan skrive i. Det gjorde eg på nedover. Gløymde sjølvsagt å skrive i boka oppe på nipa. Så eg må oppatt, ja.


Lite brukte fjellsko som absolutt må gåast inn. 
Gnager litt endå, men eg må vel bruke dei meir.

Utsikta innover mot Vassenden og Jølstravatnet.
Nede til høgre ser de Kvammen der vi bur.

Sjøla ved varden.
"Skybert" er som regel med å fotograferer.


Endå eit bilete innover vatnet.


Åsvatnet, Holsavatnet med Stakaldefossen i framkant.

onsdag 21. august 2013

onsdag 14. august 2013

Middagsfjellet 1173 m.o.h.


Har vore ein tur på Middagsfjellet i ettermiddag. Ein fin tur i pent vær. Gjekk i frå Trinta og den merka stien variert terreng. Stort sett fin sti, men ein del myrlendt enkelte stader, men det gikk fint med 
goretex-joggesko. 





Pause og innskrivinga i boka på 1173 høgdemeter over havet.

Innover Jølstravatnet mot Skei.

På nedover mot Gjesdalsdalen. Finneskotet og Stølverlifjellet omtrent midt i biletet.

Langt ned i der er Gjesdalstøylen og under fjellet er Søstestøylen og mot venstre er dalføret mot Gjesdalsvatnet og Sandalen.

lørdag 10. august 2013

Borte bra, heime best.



Då var det tid for trim i skog og mark igjen. 


Det var verkeleg herleg å dra i gong oppover skogsvegen.


Like kjapp opp til Kvamstøylen som før ferien sjølv om det var litt knirk dei to første kilometerane.


Godt fornøgd med "Støylsrunda".


Etterpå var det ein plen som måtte takast. Tre veker i fri og vill vekst gjorde det til ei utfordring, men den måtte gje tapt for ei kampklar kjerring.