torsdag 17. oktober 2013

Fjelltrim og andre turar i Jølster 2013

Denne sommaren har vore fyllt med fine turar på fjelltoppar og støylar.
Eg klarte 8 av 10 postar på fjelltrimmen og er svært fornøgd med innsatsen min der.
Flugestøylen

Ålhusstøylen

Støverlifjellet

Skitnevatnet

Blåfjellet

Trollebotn i lag med Elisa.

Botnavatnet og

....Brandsegga i lag med Åse-Iren og Ida.
Er veldig glad for at dei vart med meg for den turen hadde eg ikkje klart aleine. 
Hadde nok snudd når eg kom til det mest urete terrenget.

Vidare har eg hatt nokre fine turar i lag med Tysdagsturgjengen.
Dei tok meg med på stader eg aldri før har vore og nye flotte opplevingar.

Vikastøylen

Holestøylen/Bakkestøylen

Fossheimstøylen

Øyskaret over til Fjellstøylen

Eg har også vore på Middagsfjellet 

....og Eikåsnipa.

Det er no 3 år sidan eg tok overvektsoperasjonen og den har gjeve meg eit nytt liv og høve til slike opplevingar som ein kan ta med seg inn i den mørke tida som no kjem. Det er ei fryd å setje seg ned å sjå tilbake på desse turane og kjenne på dei gode kjenslene at eg har gjort dette i år også.
Litt trist at eg miste dei siste gode haustdagane med at ryggen og eine foten streikar, men eg skal bruke vinteren til å komme meg på tak igjen og vere klar for nye utferder når snøven forsvinner frå fjelltoppane att.

Til slutt vil eg rette ein stor takk til dei friviljuge som merker vegen og set opp postar slik at vi skal bli inspirerte og motiverte for å nyte naturen å utfordre oss sjølve på ein god måte.
Takk til Fjelltrimgjengen.


Ingen kommentarer: