lørdag 8. februar 2014

Tidleg vårstemning

Fram til no har det vore ein framifrå vinter. Når endeleg den ekle, kalde, stikkande austavinden gav seg, er det no tid for å nyte ei tidleg vårstemning. Det er flott å gå i skog og mark på tørre vegar og stier.




I dag hadde dei drista seg til med ei vinterturnering på golfbana til Sunnfjord Golfklubb og det har aldri skjedd før. Det var mange blide golfara å sjå på bana.



Lite vatn i elva gjer til at ein kan ta bileter frå litt andre vinklar enn vanleg. 
Gjekk i elvelaupet eit stykke.


Veit ikkje kor lenge dette varer for ein har erfart at snøven er kommen i slutten av februar før og skapa problem langt ut i mars.
Vonar at det ikkje blir så gale.


Ingen kommentarer: