fredag 27. november 2015

Fjelltrim 2015

Har vore i fjella denne sommaren og hausten også. Det heldt såvidt, men litt staheit og trass hjalp meg opp til sju postar og kravet for ein liten premie er innfridd.



 Første posten var Tynningen. Gjekk frå inst i Hjellbrekke så langt vegen går og over slik at ein ser over i Angedalen. Ramstad, neover Vie og ned til Førde.

 Her står eg slik at vi ser Gjesdalen, Holtane og Bjørkelia.

Same utsikta.

Her er eg framme ved tanga og boka.
Første klippet er gjort.
Hugsar at det var noko forferdelig med fluger der.

Nedover Angedalen mot Førde.

Andre posten var Skarstøylen på Ålhus.
Fin tur som ein bør gjere fleire gonger.

Flagg og tang på Skarstøylen.

Den tredje posten vart Kjelsnesstøylen same dagen som Skarstøylen.
Verdas vakraste utedoutsikt.

Inne kunne ein studere gamle reklamar og kjendisslarv.


Kjelsnesselet

Vassenden sett frå støylen.

Selet til Atle og Anne Cecilie med utsikt mot Ålhus.

Posten med flagg og postkasse.

Utedoen frå oven.

Detalj frå selet. 
Seternostalgi.

Så var det Tverrdalen innst inn i Stardalen, Fonn.

Inn mot Tverrdalen.

Fin dag i Tverrdalen.

Frå Tverrdalen og nedover.



Fornøgd postjegar.

Fonn.

Så var det Torsbotnen som skulle til pers.
Køyrde inn i Årdalen, vestsida.


Orkja og Jølstravatnet.


På plass på posten.
Strålande fornøgd med at eg klarte det denne gongen òg.

Her ser ein innover Kjøsnesfjorden mot Jostedalsbreen.

Kjøsnesfjorden, Ripegarden der eg slekta frå ligge der inne.

Så var det å komme seg opp i Søgnesandsdalen og Pissaren.
Fint selskap i starten.





Jepp! Sliten men veldig fornøgd.
Pissaren var ikkje å sjå så seint på året. 
Gått i hi tenkjer eg.






Her er eg på veg til Støylsnova, Dvergsdalsdalen.
Møtte desse på vegen, men dei gadd ikkje å følgje meg.










Det har vore ein fin tursesong i år også. Sjølv om helsa ikkje var på lag kvar dag, kom eg meg avgarde og fram til måla. Mykje takka vere godt selskap og motivatørar.
Vil i år også rette ein takk til dei som legg opp ruta og dei friviljuge som merkarløypene, set ut flagg, kasser og bøker slik at ein kjem seg ut på stader og høgder ein aldri har vore. 
Tusen takk.

Ingen kommentarer: