mandag 21. desember 2015

Julepynting

Eg feirer ikkje jula med bakgrunn i juleevangeliet, men kosar meg med familien og syner at eg set pris på dei. Men pyntar gjer eg. Med nissar, englar og denne krybba som søstra mi har laga til meg. 
Set stor pris på kvar ein figur som er så flott måla.
I morgon snur sola og vi går mot lysare tider. Det kjennest godt og må feirast med lys, fargar og pynta tre.


Ingen kommentarer: