lørdag 26. desember 2015

Romjul

Det har vore nokre fine dagar denne jula.
julafta kom gutane og feira i lag med oss og vi hadde ein koseleg kveld.
Første juledag tok vi med oss restane av julemiddagen og reiste til foreldra mine i Svelgen og kosa oss der.
Sjølv om det det var eit grisevær gjekk turen fint.


I dag har det vore ein fin dag ute og eg har gått ein liten tur inn til Kvamsbua. 
Ein må ta vare på slike moglegheiter når dei kjem på dagen ein har fri og har litt overskot til å komme seg ut av dørene.

Ingen kommentarer: