fredag 25. november 2016

Fin haust

Sidan siste innlegg i bloggen har eg byrja å spele golf. Kven hadde trudd det?
Føtene og ryggen min begrensar fjellturane og difor prøvde eg meg på golfkurs i vår og har i løpet av sommaren funne ein tryggleik i spelet og gleda over å røre seg ut i fin natur. Å meistre dette spelet var ei god oppleving og etterkvart har eg også våga meg ut aleine på bana. Så langt har eg berre gått 9 hols-runder, men det vert nokre steg og kilometer av det også. Svingen og slaga har også blitt betre så eg ser fram til våren og nye fine turar med køllene og nye vener. 
Hausten har vore fin og etter at bana var stengd var det flott å gå runda frå stovedøra, langs elva og rundt bana. Mange fine opplevingar fram til mørket og haustregnet slo til.
No er det førebuingar til advent og jul. Julemusikk og kalendar skapar stemning.  













Ingen kommentarer: