torsdag 8. desember 2016

Desemberregn


💗💗💗

Det regnar for tida og det er litt av nokre mengder som ramlar ned. Er berre glad for at det ikkje kjem som snø alt dette. Det kunne blitt travelt. Eg kan like at det kjem litt snø, men det er nok med ein 10-15 cm og nokre få minusgrader. Knallkulde og metervis med snø er berre trist å tenke på.
Heldigvis har eg motor- og kupèvarmar på bilen så med god planlegging kan eg komme meg ut av tunet utan å fryse på fingrar og tær når vinteren kjem for fullt. uansett så har eg julestemning innom hus og kosar meg med musikk og førebuingar i det stille.
Ha ein fin torsdag

💗💗💗



Ingen kommentarer: