mandag 19. desember 2016

Det går framover mot lyset


💗💗💗

Då er vi inne i siste adventsveka og førebuingane går sin gang. 
Litt hemmeligheiter, rydding, støvsuging og golvask, så tenkjer eg at vi kan kose oss vidare.
21.desember kl. 11.44 er det vintersolverv og vi går mot lysare tider att. Det har eg venta på sidan oktober då vi byrja å mørkne ute på golfbana. 
Eg er uendeleg klar over at den kaldaste tida på året ligger framføre oss, men eg skal overleve det berre sola kjem att når ho skal og gjev nye flotte opplevingar ute i naturen.
Biletet i dag er ein trefigur som far min har skore ut som har fast plass i stova. Det er ein som held ein fisk i neven så difor kallar vi han "Fiskaren." Kvar jul får han nissehua. som mamma har strikka, på seg.

💗💗💗


💗💗💗

Ingen kommentarer: