lørdag 17. desember 2016

Valfri julefeiring




💗💗💗

Ser at det er store overskrifter og krangel om feiring av jula i aviser og sosiale media. Bevare meg for eit rabalder for ingenting. Eg trudde verkeleg at vi var komne litt lenger og blitt såpass siviliserte at ein kan vise kvarandre respekt for livssynet ein har valgt. Kan ikkje forstå at det skal vere så vanskeleg å få velge om ein vil delta i kristen feiring eller ikkje. Eg synst det er heilt greitt at gudstenester i skuletida vert kutta ut og at ein tek ein klassevis avslutning på skulen der ein markerer at ein skal ha juleferie utan at presten skal forkynne den"sanne" trua. Dei som vil kan gå i kyrkja heile jula.
Ja, vi har ein kristen tradisjon her i landet med julefeiring, men det er ikkje alle som legg det same i det. Eg legg ikkje meir i det enn at det er ei fin tid med mykje forventning , pynting og fin musikk i adventstida. Den kristne sida av det kjem vel berre fram i julekrybba som eg fekk i gÃ¥ve og er veldig glad i. Juleevangeliet er ei fin historie. Eit eventyr som enda godt og det gode vann. Nett som i dei norske folkeeventyra. 
Eg vonar at det vert ei fin adventstid for alle og at julefeiringa vert slik de ynskjer. Om det skulle bli vanskelig får ein gjere det beste ut av det.
Satsar pÃ¥ rolege dagar i lag med karane og mykje fine filmar og musikk pÃ¥ fjernsynet. 

💗💗💗

Ingen kommentarer: