Då er dagen kommen og julefreden har lagt seg i heimen. Putlar på med å klargjere til middagen i kveld. Saueribba er vatna ut og klar til å sette på kok. Men før den tid er det "Tre nøtter til Askepott" og etter det skal vi i Bøafeltet og ete nissegraut i lag med familie der.
I kveld vert det middag med oss fire. Som vanleg er det både svin- og saueribbe på bordet. eg gleder meg til å ha begge gutane heime og berre slenge oss i stolar og sofaen utan noko slag for stress. Eg er lukkeleg.
Fjerde søndag i advent fell i år på vesle Julafta og no er det tid for å legge siste hand på førebuingane. Treet skal inn i stova og pyntast, saueribba skal leggast i vatn og siste dukane skal på bordet. Om eg har hugsa alt skal det ligge til rette for ei fin og roleg julefeiring i lag med flokken.
Vi har ikkje noko tradisjon for å gå i kirka sidan vi ikkje legger noko vekt på den religiøse delen av julefeiringa. Her er det god mat og hyggeleg samvære som er i fokus.
Eit triveleg avbrot i den kalde og mørke vinteren. Sola har snudd, vi går mot lysare tider og det er ein fin tanke.
Som vanleg er det litt vemodig når adventstida går mot slutten, men eg skal halde fram med å tenne lys så lenge det er mørketid.
Ha ein fin kveld før kvelden.
❤️🌟❤️
ADVENT
av: Inger Hagerup
Så
tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Så
tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
Så
tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede
Vi
tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor
I kveld kl.23.23 "snur sola." I Wikipedia finn du denne forklaring:
"Vintersolverver tidspunktet én gang i året når jordaer i det punktet av sin bane rundtsolahvor dennordlige halvkuleheller lengst bort fra sola. Dagen dette inntreffer er den med kortestdaglengde. Når sola står isørmidt på dagen, har den sin årlig laveste døgnmaksimumshøyde overhorisonten(gjelder nord forekvatorog sør forpolarsirkelen).
Noen tidsregninger sier at vintersolverv er den første dagen av vinteren. Den kinesiske kalenderen kaller vintersolverv dong zhi(vinterens ankomst), og dette er en viktig merkedag. Andre regner dagen som midten av vinteren.
I Skandinavia ble vintersolvervet feiret medluciadagen, men da denjulianske kalenderenble forlatt til fordel for dengregorianske, beholdt man luciafeiringen på13. desember, og kom da i utakt med solvervet.Primstavsmerketvar en sol. Denne dagen skulle man ikke arbeide med noe som ble dreid rundt, og heller ikke bake. Juleølet skulle også være ferdig innen 22. desember så det ikke kom «solverv» i det." Det hjelper på å vete at det går mot lengre og lysare dagar.
Så langt har det vore ei fin førjulstid og eg meiner at eg har fått gjort meg ferdig med det som skal gjerast. Om eg har gløymt noko så får eg berre leve med det. Nei, eg har ikkje vaska og rydda i skuffer og skåp for der har eg ikkje tenkt å vere i jula. Har heller ikkje sprunge rundt som ein duracellkanin i Førde for å gjere ferdig handelen. Innkjøpa har eg gjort inn i mellom kafèbesøka og surra rundt for å sjå på julepynta butikkar og fine ting i hyllene. Desember månad har stått i lyset sitt teikn. Levande lys og batteridrevne lyslenker og led-lys. I mørketida må det lysast opp i kvar ei krå.
Teller ned til solsnu og ser fram til at sola kjem att.
Av og til hender det at eg går tom for energi og ting tar lenger tid. I går, måndag, var ein slik dag. Dette er noko eg veit kjem av og til og då er det greit å ha lagt det inn i planane at slikt skjer. Utmattinga er ein del av meg og eg kan leve med det sjølv om det ofte kjem når det minst passar. Eg veit at det går over og i dag vil eg tru at eg kan halde fram med julegjeremål.
I går var det førjulsgjeremål i heimen. kallen laga smultringer og krumkaker, medan eg skreiv julekort og høyrde på julemusikk. Det vart prøvesmaking på baksten som var framifrå og eg kjende på ei god kjensle av ro og fred. Her er det ikkje mykje kav, nei.
I dag må eg leite etter den siste øskja med nisser. Ja, eg manglar nokon. Trur dei er blitt nissa vekk av rampenissen. Julemysteriet er på plass.