Viser innlegg med etiketten Fjelltrim 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjelltrim 2011. Vis alle innlegg

mandag 27. august 2012

Vasskaret, Jølster.












Då har eg gjort unda den sjette fjelltrimposten og er godt fornøgd.
Turen i dag gjekk til Vasskaret, 1050 m.o.h, her i Jølster som ligger i Naturvernområdet Naustdal-Gjengedal.
Køyrde opp frå Helgheim, rett før kyrkja, og parkerte der bomvegen starta. Det er juks og køyre opp til Helgheimstøylen har eg fått beskjed om.
Cecilie og eg gjekk på den finaste dagen på lenge og fekk ei fin oppleving heile vegen. 
Merkinga av vegen var utmerka og det var ikkje rom for tvil i heile teke. Takk skal de ha! Det var med på å gjere denne turen til årets høgdepunkt i turopplevingar.
Ja, og så eit triveleg selskap i turkameraten.

søndag 3. juli 2011

Grøneheia 856 moh.

 Larstunstøylen
Post nr.1 i fjelltrimmen.

Innover mot Vassenden og Jølstravatnet frå Larstunstøylen.

Same retning men no med Dalavatnet i framkant.

På lag det same motivet sett nesten frå toppen av Grøneheia.

Varde og post nr.2 med utsikt over Angedalen og Trodalsvatnet.

Frå same staden mot Ramstad og Førde.


Desse to siste bildene er det eg verkeleg likar med å vere på fjellet. Ein treng ikkje vere på Mount Everest for å få kjensla av å vere på verdas tak.