Viser innlegg med etiketten mai10. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mai10. Vis alle innlegg

søndag 23. mai 2010

Tur i Gloppen





Har vore på tur oppover mot Fitjedalen i dag. 
Det vert nok fleire turar den vegen

lørdag 22. mai 2010

Pinsecamping



Er på  camping i Gloppen og slappar av i pinsa. 
Det er godt å komme i vogna og kjenne at det ikkje er noko som står på i heile teke. 
Har med meg spøt, bok og pc. Kan hende det vert ein og anna spasertur om regnet ikkje er for gale.
God pinse til alle som er innom og kike.

torsdag 20. mai 2010

Føremiddagstur

Har vore ein fin tur frå Kvammen, opp sørsida, rundt golfbana og nedatt. Det er eit vidunderleg ver på Jølster som må nytast i fulle drag.

torsdag 13. mai 2010

Nicholas

Amalie i farta.








Svidalsøyra

   
Amalie kosar seg på fanget til mamma. 
Ho sat ei stund, faktisk, og difor har eg bilete av det.

Siv og Ingunn bærer solbrillene med stil.

                                      
 Kvile medan ein venter på at grillen skal verte varm.

  
Roger Himself.

  
Plask! Ein held fram med å kaste stein utover dagen.

Å sparke ball i vasskanten er vel ikkje så lurt. 
Godt ein har ei sprek mor som tek grep når ein mister kontrollen på ballen.
                                                
                                          
Er det mulig å få noko pølser snart?

Det ordner seg til slutt og det smakte godt.


Er ikkje noko å seie på serveringa.


Mat smaker godt ute. Det er heilt sikkert.

Mostien og fjøra i vika

Sjå kva eg fann i skogen på Mo.

Vi gjekk ein tur på stien........men gauken høyrde vi ikkje.

Ulv er eit fint dyr, egentlig.

Ei veldig stille, roleg og gjennomsiktig Gaupe.

Trykk ein på ein brytar så kjem det ein lyd frå eit dyr. 
"Ikkje trykk på bjørnen, ikkje trykk på bjørnen," tenkjer Hayden.
"Kva bråkar mest tru?" lurer Amalie på.

Kaste stein er ein guteting ser det ut til

Kva finner ein under ei bru?

Bestekompisar

To gode vener


Ein flott dag på Mostien og Vika.

Museet i Movika








Det nydelege været i dag freista til fototur og eg var ikkje tung og be då Ingunn og Cecilie ville ha meg med på tur med ungane. Medan eg venta på flokken tok eg meg ein rusletur rundt dei gamle bygningane på området. Mykje å sjå, ja.