Viser innlegg med etiketten Juli12. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juli12. Vis alle innlegg

mandag 30. juli 2012

Malakoff Rockefestival 2012


Lokal Helt
Laila Beate Førde frå Bremanger slo til med eigne
 låtar som verkeleg svinga på Sommarlutt.

Sondre Lerche

De Lillos

Den svenska Björnstammen

Dum Dum Boys

Screen av Lars Winnerbäck

Trur ho heiter Anna Kay.
Er i allefall frå New Zealand og Kaupanger og steike flink.

Her er sjøla fanga i eit euforisk augneblink under konserten med De Lillos.

torsdag 19. juli 2012

Glimt frå Gloppeferie





Eg har vore nokre turar opp til Veslevatnet som de ser på biletet over. Det vart ein tur på Fitjevårstølen også.







Foreldra mine var nokre dagar på ei hytte på campingen så vi kika oss litt rundt på plassen. Her er er det ein trekunstnar som heiter Askeland som har pynta på innkomsten til Gloppen Camping.



Sjølvsagt måtte ein nyte ein solnedgong når det først kom ein.

tirsdag 10. juli 2012

Kruna og Risevatnet











Har vore på Kruna og i nordenden av Risevatnet i dag og teke nokre bileter i fineværet.
Oversiktbileter over Svelgen sentrum og litt utover. 
Bileta innover vatnet er tekne frå Rise.

mandag 9. juli 2012

Risevatnet og Vasskaret








Er i Svelgen og besøker opphavet og nyttar fine været til og gå ein tur inn med idylliske Risevatnet. Det vart til at eg gjekk heilt inn i Vasskaret som utgjer 5 km fram frå bommen ved starten av vatnet. Så frå Øyratunet og tilbake vert det 11 km. Med pause var eg vekk 2 tima og 18 minutt. Det var bratt dei to siste kilometrane opp til innslaget til tunnelen der vatnet vert ført ned til stasjon 2 på kraftverket. Fann to turbøker der ein kunne føre seg inn. Ein ved 3,5 og ein ved 5 km. Førte meg inn i begge. Så har eg endeleg vore der. No er det Sandsegga som står på ønskelista når det gjelder turar i Svelgen. Det vert nok gjort det og, ein gong.

torsdag 5. juli 2012

Kort ferietur

I år vart det ein kort ferietur for Ole og meg. Vi har vore ein kjapp vekestur austom fjella der vi besøkte nokre få av Ole sin familie. Det begrenser seg kva ein får tid til når ein skal ha både golfing og Sverigetur inn i mellom alt. Men vi hadde har hatt det fint og tok oss god tid og kosa oss på reisa til og frå. 



Manhiller - Fodnes
Sognefjorden



Hemsedal GolfAlpin
Berre ein liten titt og litt avslapping med is.


Fjellgolf v/ Nesbyen. 


Så var tida kommen for å reise heim.
Først ein deilig middag på "Meierigaarden" i Lørenfallet.