Viser innlegg med etiketten August12. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten August12. Vis alle innlegg

onsdag 29. august 2012

Kvamsfjellet










Har vore på ein fin tur på Kvamsfjellet, 1100 m.o.h. i dag. Gjekk opp i frå Kvammen til støylen og vidare i slalombakken.
Det er ikkje ein fjelltrimpost i år, men merkene frå tidlegare var godt synlege og til god hjelp for debutanten. Riktig nok ikkje den finaste dagen og gå på fjellet, men det var berre tre lette regnbyger og eg hadde med klesbytte. Ved varden bles det godt så eg tok ikkje noko pause. Fekk i meg noko drikke og eit par havrekjeks før eg sette snuta nedatt og heim.
Denne turen skal eg gå fleire gonger i betre vær vel og merke.

mandag 27. august 2012

Vasskaret, Jølster.












Då har eg gjort unda den sjette fjelltrimposten og er godt fornøgd.
Turen i dag gjekk til Vasskaret, 1050 m.o.h, her i Jølster som ligger i Naturvernområdet Naustdal-Gjengedal.
Køyrde opp frå Helgheim, rett før kyrkja, og parkerte der bomvegen starta. Det er juks og køyre opp til Helgheimstøylen har eg fått beskjed om.
Cecilie og eg gjekk på den finaste dagen på lenge og fekk ei fin oppleving heile vegen. 
Merkinga av vegen var utmerka og det var ikkje rom for tvil i heile teke. Takk skal de ha! Det var med på å gjere denne turen til årets høgdepunkt i turopplevingar.
Ja, og så eit triveleg selskap i turkameraten.

Glopperock



Staut frå Valdres


Oslo Ess frå Hovedbygda

Fin oppleving på Heradsplassen på Sandane.


mandag 20. august 2012

Sykkeltur på Sørsida





Det er fint å sykle på sørsida av Jølstravatnet. I kveld enda turen i Årneset, nesten inn i Sandalen. 
Ein ser rett over til Ålhus frå der eg sat og kvila meg.

torsdag 16. august 2012

Fyglastøylen







Den femte fjelltrimposten er unnagjort og i kveld var det Fyglastøylen som vart besøkt. Fin veg og sti frå Skei. Parkerte ved hotellet og gjekk derifrå. Ikkje noko vanskeleg å finne fram. Eventyrleg vakkert når vi kom opp og gjekk innover dalen. Freistar å ta den turen ein gong til ein fin dag.
Denne gongen hadde eg fine turkamerater i Cecilie og Ingunn og det var triveleg å ha nokon å sloss mot myggen i lag med. Takk for turen.

søndag 12. august 2012

Hegnesnipa

Den fjerde fjelltrimposten er i boks.
Her er sjøla foreviga av ein annan fjellvandrar ved 
varden på toppen av Hegnesnipa, 899 m.o.h..




Det vart ein fin dag i dag og eg bestemte meg for å gå ein fjelltrimpost. Fekk vite at Hegnesnipa var ein fin tur og det stemmer. Gode vegar og stier og stort sett lett og finne fram, med unntak av når vi tok til på det bratte. Det var vanskeleg å få auge på merkene og fleire gonger måtte eg gjette meg til retninga, gjekk feil og måtte tilbake. Heldigvis var det folksomt i dag så det var lett å få hjelp. Fleire var einige med meg at det av og til var umogleg og sjå neste merke frå der vi stod. Men alt i alt var det fint å komme på toppen og slappe av med god mat og drikke. Turen anbefalast, men merkinga i bratta kan med hell gjerast meir tydeleg.


Sykkeltur langs vatnet





Laurdag 11.august sykla eg meg ein tur innover sørsida av Jølstravatnet.
ein fin tur i eit nydeleg sommarvær.
Sykla til eg nådde 10,3 km og kvilte før eg snudde mot heim att.
Det er lite trafikk på denne vegen og difor svært fint å sykle der. Det vert fleire slike turar.