Viser innlegg med etiketten Juli10. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juli10. Vis alle innlegg

torsdag 29. juli 2010

Familieauke i feltet

Nicholas har fått seg ein ven som heiter Joey. Han er veldig glad i gulrot, løvetannblad og tørt høy. 
Trivast tydeligvis godt på fanget til eigaren sin.

Amalie fekk prøve kjolen som eg har strikka til henne i dag, så no er det berre å gjere den heilt ferdig. 
Mens ein venter kan ein med anna ete appelsiner.

Sommarting




lørdag 24. juli 2010

Kveldstur

I kveld har eg vore den vanlege kveldsturen rundt golfbana og tok dette bilete av ein roleg del i Jølstra.

Denne molta er moden om eit par dagar og eg er spent om den er i skogen når eg kjem tilbake.

søndag 18. juli 2010

Svenske saker

Dette må vere det ein kan kalle "Glitrande Golf".


"Gurkasalaten" er grønn...som ein agurk.


Dei marinerte nakkekotelettane var beinfri.


Myggljuset var slett ikkje vanskelig og få tak i. Om det verka? Tja, kan jo hende det hadde vore fleire mygg visst vi ikkje hadde det.


fredag 16. juli 2010

Bådstø Camping, Tretten

Parkert ved E6.

Utdeling av svenske-snop var populært.

Godt var det også.

Så var det ei runde med mini-golf.

Enkelte har sin eigen stil.

Andre kosar seg.

søndag 11. juli 2010

Djupadalsbadet








Vi har det fint i Kumla, sør for Ørebro. over 30 grader i skuggen no i helga. Ein liten bris gjer det leveleg og vi har det fint. Ole er på golfbana om dagane og så har vi kveldane der vi går turer og kikker litt rundt.

tirsdag 6. juli 2010

Am-car convoy frå Skreia 4.juli.


Dette er ein Ford som bror til Ole hadde store planar med, men diverre døde han før han fekk gjort så mykje med den. No har nokre vener av niesene våre kjøpt den og fått den på vegen.



Svigerinna mi, Anne-Heidi slengte med leppa og sa at visst dei fekk den EU-godkjend til den 4. juli skulle ho vere med på Am-Car treffet i Lillestrøm.
Slik blei det. 
Her vart ho henta og dama reiste i convoy på treff.


God tur!


Servicebil?


Hege og Lea køyrde også Am-Car.


Denne var også med.


Med støttehjul?

søndag 4. juli 2010

Første dag på egotripp

Laurdag vart vogna hekta på bilen og Ole og eg var klar for ferietur austom fjella.
Avreise frå Sandane i 12-tida.

Vi bomma litt på ferjetida og måtte vente ein halvtime på Anda, 
men det var eit nydeleg ver og ikkje noko som hasta.

På Strynefjellet stoppa vi for ein matbit.


Det er mange år sidan vi har ete på rasteplass langs vegen og vi koste oss i det fine været.
Det bles litt, men det var slett ikkje kaldt.

Vi forlet eit vakkert Strynefjell.....

.....og dette skybruddet møtte oss på Kvam.
Men ved Hundorp lyste det opp att og vi kom til Skreia der Totenbygda viste seg frå si beste side. 
Sol og god varme.
Søndag reiste vi vidare til Bodung, Nes Kommune, og det har vore flott vær i heile dag. Varmt.