For ei tid sida kjøpte eg meg ein Digibok-spelar og det er ei flott oppfinning. Ein kan få bøker på såkalla digikort som ein set på spelaren og vips så har ein boka på øyra.
Bok og spøt er ein fin måte å kople seg av frå kvardagens jammerdal.
Er ferdig med denne lydboka "Iskaldt bedrag" av Dan Brown. Eg vart litt skuffa etter å ha likt "DaVinci-koden" og "Engler og demoner" svært så godt. Det vart kanskje litt for teknisk for meg i enkelte deler av boka.
mandag 29. mars 2010
I snart to år har det mest vore faglitteratur om mennesker med alvorlege psykiske lidingar. Etter at gruppeoppgåva var ferdig no i mars har eg teke fram bøker som har lagt på vent. Desse to har eg lånt av søstra mi, Anne Marit, og eg anbefalar dei på det varmaste. To gripande bøker som eg nok vil lese ein gong til.