Viser innlegg med etiketten Des15. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Des15. Vis alle innlegg

torsdag 31. desember 2015

Godt nytt år

2015 er snart over og eg ser tilbake på eit år med mange fine opplevingar.
Nokon har vore aleine og mange har vore i lag med fine folk i livet mitt.
Begynt å jobbe i halv stilling, ny bil og nye vener.
Nokon kjem og nokon går. Slik er det i livet.
Her er nokre bileter frå nokre få av dei mange fine augneblinka dette året.

 

























lørdag 26. desember 2015

Romjul

Det har vore nokre fine dagar denne jula.
julafta kom gutane og feira i lag med oss og vi hadde ein koseleg kveld.
Første juledag tok vi med oss restane av julemiddagen og reiste til foreldra mine i Svelgen og kosa oss der.
Sjølv om det det var eit grisevær gjekk turen fint.


I dag har det vore ein fin dag ute og eg har gått ein liten tur inn til Kvamsbua. 
Ein må ta vare på slike moglegheiter når dei kjem på dagen ein har fri og har litt overskot til å komme seg ut av dørene.

onsdag 23. desember 2015

Dagen før dagen

Hei, hå! No er det jul igjen.
I dag er det vesle julafta og vi striglar stova lite vetta. Julestemninga siver inn over meg og eg ser fram til eit par dager i lag med familien.
Eg er så heldig at eg har fri får jobben så eg kan gjere meg ferdig med førebuingane sidan eg skal på dagvakt i morgon.
Jul blir det i allefall.




tirsdag 22. desember 2015

Solsnu og von


I dag har sola snudd, sånn ca. kl. ti på seks.
Med det kan vi tenkje på at no går vi mot lysare tider.
Ser verkeleg fram til lengre dagar med meir lys. Nett no er det berre mørkt og trist.
Godt at eg har pynta med lys og fargar og vesle julafta kjem treet opp og eg får pynta det ferdig.
Stas.


mandag 21. desember 2015

Julepynting

Eg feirer ikkje jula med bakgrunn i juleevangeliet, men kosar meg med familien og syner at eg set pris på dei. Men pyntar gjer eg. Med nissar, englar og denne krybba som søstra mi har laga til meg. 
Set stor pris på kvar ein figur som er så flott måla.
I morgon snur sola og vi går mot lysare tider. Det kjennest godt og må feirast med lys, fargar og pynta tre.


søndag 20. desember 2015

Fjerde søndag i advent


Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned.
for lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel
for fred på denne lille jord, hvor menneskene bor.


lørdag 19. desember 2015

Lys i dørkransen

Så er det laurdag og julepyntinga held fram.
Kransen er plukka fram, fått nye batteri og litt oppretting er utført. 
Får tru at den henger trygt på døra sjølv om det bles litt opp av og til.
Ha ein fin desemberlaurdag, alle i hop.


fredag 18. desember 2015

Snop til jul


Har laga konfekt til jul. 
Sjokolade med peanøtter og karameller. 
Valgte glas med lok som er lett å åpne. 
Ja, det gjeld å førebu seg.


torsdag 17. desember 2015

Ruskevær og innekos


Det er eit skikkeleg ruskevær ute og det passar fint til inneaktivitetar og julehemmeligheiter.
Nisseparet mitt går nok barnlause inn i jula dette året også. Eg må ta meg eit ordentlig tak å få adoptert eit par stykker og få strikka klede til dei.
I dag høyrer eg på "Celtic Woman" som gjer alle julesongar vakrare.
Ha ein fin dag.


onsdag 16. desember 2015

Morgon med Dropkick Murphys



Startar med te i dag også. Etter det er det ei økt os fysioterapeuten med sykkel, styrketrening og litt behandling på benken. Trytt i trynet men det kjem seg vel utover dagen.
Ha ein fin desemberdag.



tirsdag 15. desember 2015

Julegjeremål og arbeid



I dag er det litt vikaroppgåver sidan eg mot betre vitande har tilbydd meg å hjelpe med innpakking og levering av ymse gåver. I tillegg burde eg vel gjort klart det som skal sendast i posten.
Får sjå kva eg får gjort før eg må reise på seinvakt.
Kosar meg med julemusikk og te.
Ha ein fin dag, de då.


mandag 14. desember 2015

Julehemmeligheiter

Det er tid for julehemmeligheiter og då kosar eg meg litt med papir, band, glitter og stas. 
Det er ei fin tid denne adventstida. 
Veit at det er mange som ikkje har det så lett der ute denne tida og difor vil eg ta vare på kvart eit augneblink i lag med mine nett fordi eg ikkje veit kva framtida vil gje oss av gleder og sorger. 
Ha ein fin dag.


søndag 13. desember 2015

Tredje søndag i advent




Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.




lørdag 12. desember 2015


Då er det tid for julehandel før julebord seinare i kveld. 
Julepynten er klar.
Klar for litt "Jingle Bell Rock"




fredag 11. desember 2015

Ny desemberdag.



Ny dag med nye hemmeligheiter. I dag er eg ekstra lur.
Prøvde meg på hjortetakk i går. Laga etter oppskrifta, men eg er litt usikker på om den er rett.
Jaja, eg prøvde i alle fall. uansett så vonar eg at denne jula vert like bra som den i fjor.
Ha ein fin dag.


torsdag 10. desember 2015

Fridag og innevær


I dag er det første dagen av av langfri så eg nyter morgonstunda sakte med den tiande tepakken frå adventskalendaren min. 
Dagens høgdepunkt vert ein frisørtime hos Melinda på Floke. Ellers så er det rett og slett innevær i dag. God tid for julehemmeligheiter.
Deler ein koselig musikkvideo frå "Jul i Flålypa"

onsdag 9. desember 2015

Niande desember



Ute er det regn og sølevær, men inne er det begynt å bli litt julete. 
I dag er det innekos, julelunsj og seinvakt som står på agendaen. Kjenner at det skal bli godt med litt langfri etter det.
Ha ein fin 9. desemberdag.

tirsdag 8. desember 2015

Stjerner og lys i desember


Det kjem meir og meir julepynt på plass i heimen og eg kosar meg med attersyn av ymse stjerner, nisser og englar som har følgt oss opp i gjennom åra.
Adventstida er ei fin tid der ein tenner lys i staden for å forbanne mørket.
Ha ein fin dag.


mandag 7. desember 2015

Sjuande dagen i desember




Med biletet av fiskaren som pappa har laga for omlag 40 år sidan ynskjer eg alle ein fin desemberdag. 
Deler også ein musikkvideo med Lindsey Stirling som er ein framifrå fiolinist og dansar. 
Eg synst ho er magisk.


søndag 6. desember 2015

Andre søndag i advent



Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
(Inger Hagerup)